Bakgrunn
For eit par år sidan var det mykje merksemd i media om turistar som var misnøgd med sjømattilbodet rundt om i landet. Mange trur at ein hjå verdas tredje største sjømateksportør finn tilsvarande nivå på kokekunsten. Det er spesielt vanskeleg å forstå at jo nærare ein kom råvarene jo vanskelegare var det å få dei servert. Kommentaren frå ein turist frå middelhavsøya Malta er typisk: ”Pølse all over the place”! Ei reiselivsundersøking litt seinare synte at mat var viktig motivasjonsfaktor for val av reisemål men at mindre enn 1 % valde Norge som reisemål på grunn av maten.
”Smak av kysten.”
Dette er bakgrunnen for prosjektet ”Smak av kysten” som starta opp denne vinteren. Hordaland fylkeskommune har gått inn med 1,7 millionar, Innovasjon Norge med 2,3 millionar og SR Bank med 1,75 millionar. Alexandra Krage Angell frå Norsk Sjømatsenter er prosjektleiar og involverer både i Sjømatsenteret og innleigd personale til opplæring i marin kokekunst. Prosjektet har ei spanande styringsgruppe der mellom anna tidlegare landbruksminister Lars Sponheim, leiar i NHO-reiseliv sitt serveringsutval Eric Saudan og kulturpersonlegdomen Helga Golten er med.
Kompetanseprogram og restaurantnettverk
Eit viktig mål for ”Smak av kysten” er å styrkje sjømatkompetansen og bruken av sjømat ved serveringsstader i Hordaland, samtidig som ein får tettare kontakt mellom serveringsstader og sjømatprodusentar. Kompetanseprogrammet er difor ein viktig del av prosjektet og dei første 13 har starta på det 8 dagar lange programmet og berre dei beste får vere med i byrjinga. Kjente matekspertar som Hanne Frostad, Fredrik Hald, Arne Duinker, Stein Mortensen og Astri Riddervold skal undervise kursdeltakarane på Kulinarisk teater på Bontelabo.
Råvarer og matlaging
Dei beste fagfolk underviser om råvarer som skaldyr, fisk og algar, og fokuserar på artskunnskap, sesongar og kvalitet. Kokeoppskrifter er fråværande, men matlagingsfilosofi frå konservering og ”slow food” tankegang til hypermoderne molekylært kjøken, basert på fysikk og kjemi, har vore framtredande. Helseaspekt, vin og presentasjon av maten er andre aspekt det skal undervisast i.
Innimellom alt teorien har ein hatt økter med praktisk menyutvikling der ein med stor kreativitet og samarbeidsånd mellom restaurantane har nytta lite brukte fiskeslag, algar og sanka ingrediensar frå naturen sitt kjøken.
Prosjektet vidare
”Smak av kysten”-filosofien skal inn i alle ledd, frå leiinga, til den som møter kunden - servitørane. Over ein toårs periode skal mange fleire restaurantar delta, og det er mogleg at prosjektområdet vert utvida til nabofylka og til kafear, kantine, catering og institusjonskjøken. Det skal haldast faste, faglege samlingar for nettverket.
Stikkord for prosjektet er sjømatopplevingar, matglede og betre helse for oss alle og om nokre år er kanskje gourmetsafari eit viktig reiselivstilbod på Vestlandet. Tenk om vi får til ”seafood all over the place”!
Meir informasjon:
http://www.smakavkysten.no/
www.hordaland.no/marin
http://www.innovasjonnorge.no/marin
Jan Hausken
Verdiskaping i kystsona