Det samrøystes vedtaket er gjort 21. september 2006 og lyder slik i fem punkt:
1. Fylkesutvalet er glad for at Statnett ser den alvorlege kraftsituasjonen i Hordaland og er budd på å gjere tiltak for å hindre at det vert utvikla ein kraftkrise i regionen.
2. Fylkesutvalet vil framheva dei unike kvalitetane i fjord- og fjellandskapet i Hardanger med naturmangfald, reiseliv, friluftsliv og kulturminne, og at store inngrep med ei 420kV luftline vil vere i konflikt med viktige regionale og nasjonale interesser. Ved val av utbyggingsløysing og trase i eit område som har nasjonal symbolverdi må omsynet til desse vege tungt med høgare aksept for meirkostnader for alternative løysingar. Fylkesutvalet meiner at Stortinget må påleggja Statnett å søkja om kabelløysingar i dette nasjonalt viktige landskapet trass dei høge kostnadene.
3. Hordaland fylkeskommune kan ikkje rå til at konsekvensutgreiinga vert godkjent i noverande form og ber NVE stilla krav om at det vert gjort ei tilleggsutgreiing for kulturminne og kulturmiljø som er i samsvar med planprogrammet.
4. Hordaland fylkeskommune har ikkje fått eit tilstrekkeleg grunnlag for å gje fråsegn til konsesjonssøknaden. Hordaland fylkeskommune vil måtte vente med fråsegn til traseane til det ligg føre eit grunnlagsmateriale som er i samsvar med krav i utgreiingsprogrammet og som gjev Hordaland fylkeskommune som mynde innan kulturminnevernet eit godt nok grunnlag.
5. Ei realisering av energiverket på Mongstad kan utsetje trongen for kraftlina i minst 5 år. På denne tida kan kabelteknologien vere ytterlegare betra og mindre kostbar, samstundes som det kan ha utvikla seg ein ny kablingspolitikk også for større kraftliner. Fylkesutvalet meiner konsesjonshandsaminga av Sima-Samnanger bør avvente til situasjonen kring energiverket på Mongstad er avklart. Dersom det viser seg at ein kan utsetje bygging av kraftlina bør underlagsmaterialet oppjusterast og Statnett levere ein justert konsesjonssøknad når tidspunkt for realisering nærmar seg.