VARG VEUM-filmane vil bli innspelte i Bergen

Storfilmsatsinga "Varg Veum" er i ferd med å bli ein realitet. Satsinga vil etter planen omfatte seks spelefilmar, basert på Gunnar Staalesens bøker om privatetterforskaren Varg Veum. Alle dei seks filmane er planlagt vist på TV2, dei to første filmane vi

Lokale filmmedarbeidarar
Satsinga krev to separate team av filmmedarbeidarar. I kvart team trengst det 25-30 personar; og ein arbeider no for at så mykje som 50-70% av teama består av regionale filmmedarbeidarar. Men Varg Veum sjølv vil få austlandsdialekt; den tidlegare DNS-skodespelaren Trond Espen Seim er tildelt hovudrolla!

Hordaland fylkeskommune satsar på film   Hordaland fylkeskommune har gjeve tilskott til den kritiske utviklingsfasen - kanalisert gjennom bransjeorganisasjonen Bergen Media By - for å medverke til at opptaka blir gjort i fylket og nyttar regionale filmmedarbeidarar. Fylkeskommunen har og medverka med midlar til Filmfondet fuzz, som vil investere 5 millionar kroner i Varg Veum-filmane.

Sjå også følgande oppslag i BT:
http://www.bt.no/kultur/film/article263936.ece?service=print
http://www.bt.no/lokalt/bergen/article262660.ece

og BA:
http://www.ba.no/puls/article1989609.ece
http://www.ba.no/puls/article2064882.ece?service=print

 

Hilde Fagerheim 28.04.2006 08:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart