Hordalandsstudentar deltar på Stockholm Funiture Fair 2006

Hordaland fylkeskommune ved Strategi og næringsavdelinga har gitt stønad til Designavdelinga ved Kunsthøgskolen i Bergen

Designavdelinga ved Kunsthøgskolen i Bergen (KHiB) skal delta med eiga utstilling (stand) i Greenhouse-avdlingen under den store møbelmessa Stockholm Furniture Fair 2006. Det er 3.års Bachelor-studentar som presenterer resultata av ein seks-vekers prosjektperiode, der oppgåva har vore å bygge prototypar i full storleik av eigne designidear. Prototypane er produserte av studentane sjølve, i all hovudsak på KHiB eigen verkstad. Oppgåva i romdesign har tatt utgangspunkt i eit allereie eksisterande bygg med en sterk plassering i Bergens kulturakse. Studentane har sjølv valt kva bygget skal nyttast til; dei har også designa og bygd utstillingsstanden. Hordaland fylkeskommune v/Strategi og næringsavdelinga gjev økonomiske tilskott til Designavdelinga ved Kunsthøgskolen i Bergen. Deltakinga gjev studentane konkret erfaring med messedeltaking, nettverksbygging og - vonaleg også - kontraktsinngåing, som er vilkår dei vil møte som næringsaktørar etter endt utdanning.

Du kan lese mer om Designavdelingen ved å gå inn på: http://www.khib.no

Gunn Vindedal 03.02.2006 15:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart