Hordaland fylkeskommune er i gang med å utarbeide planprogrammet for regional kulturplan.
Kultur- og ressursutvalet vart på møtet i januar orientert om at arbeidet med planprogrammet er starta opp.
Melding 13/12 kultur- og ressursutvalet 10.1.2012
Planprogram
Alle regionale planar skal i følgje § 4-1 i plan- og bygningslova ha eit planprogram som skal gjere greie for:
- føremålet med planarbeidet
- planprosessen med fristar og deltakarar
- opplegg for medverknad
- kva for alternativ som vil bli vurdert
- trong for utgreiingar
Siktemålet med dette arbeidet er å legge til rette for opne demokratiske prosessar, auke innsynet og medverknaden i planlegginga på eit tidleg stadium. Planprogrammet dannar grunnlaget og rammene for det vidare arbeidet med planen.
Sjå her for meir informasjon om regional planlegging og planprogram.
Føremålet med planarbeidet
I Regional planstrategi for Hordaland 2010-2012 er føremålet med ein regional kulturplan skissert slik:
”Ein ny kulturplan for Hordaland skal synleggjere fylkeskommunens rolle som pådrivar og partnar på idretts- og kulturfeltet. Planen skal få fram ein overordna visjon og målsettingar og gjere desse operative i handlingsprogram.”
Føremålet med planarbeidet skal avgrensast og konkretiserast i planprogrammet. Det skal i dette arbeidet også takast stilling til planens omfang og innhald.
Framdrift
Leiargruppa ved kultur- og idrettsavdelinga utarbeider eit framlegg til planprogram som fylkesutvalet sender på høyring. Det er ei målsetting at alle relevante aktørar skal få høve til å komme med innspel til planprogrammet. Planprogrammet vil bli sendt på høyring våren 2012.