Spelemidlar
Elektroniske skjema
Tilskot til kulturhus
- Fylkeskommunane fordeler spelemidlar til desentralisert ordning for tilskot til kulturhus.
- Kriteriar som ligg til grunn for fordelinga: kommunale prioriteringar, kvalitet, tidspunkt for fyrste gong det var søkt, søknadsmasse frå dei einskilde kommunane, innbyggjartal i kommunane.
- Søknadsfrist 15. mars kvart år.
Kunstnarstipend (pdf)
- 5 stipend á 25 000
- Stipendet kan nyttast som arbeids-, etterutdannings- eller reisestipend.
- Når det finst fylkesomfemnande kunstnarorganisasjonar skal desse ha rett til å gje tilråding for si kunstgrein.
- Dersom søknadslista tillet det skal minst eitt av stipenda tildelast hordalandskunstnarar som er busett utanfor Bergen.
- Søknadsfrist 1. mai kvart år.
- Politisk handsaming juni same år.
Administrasjonstilskot og grunntilskot til vaksenopplæring (pdf)
- Fylkeskommunen fordeler midlar til studieforbund som organiserer vaksenopplæringstiltak.
- Midlane vert fordelte både som grunntilskot og administrasjonstilskot.
- Søknadsfrist 15. april kvart år.
- Politisk handsaming juni same år.
Stønad til barne- og ungdomsarbeid (Pdf) (Word)
Driftsstønad til barne- og ungdomsorganisasjonar på fylkesplan som har sekretariat for heile fylket og lokallag i minst tre kommunar.
- Hordaland Barne- og Ungdomsråd (HBUR) fungerer som paraplyorganisasjon for fylkesorganisasjonane.
- Søknadsfrist 1. mars kvart år.
- Søknad skal sendast til Hordaland Barne- og Ungdomsråd, Postboks 408 Sentrum
5805 Bergen.
Søknad om stønad til tiltak for born og unge (aktivitetsstønad)
Søk på internett ved å trykke på linken!
- Til lag, organisasjonar, grupper og andre som skipar til barne- og ungdomstiltak i Hordaland
- Til tiltak med verdi for heile fylket eller større delar av det. Sjå elles retningsliner.
- I 2009 ligg det til saman om lag 200 000 i denne tilskotsordninga.
- Søknadsfristar: 1. halvår: 1.mars, 2. halvår: 15.september.
- Politisk handsaming..
Søknad om stønad til ålmenne kulturformål
Søk på internett ved å trykke på linken!
- Til kulturtiltak som har verdi for heile fylket eller store delar av det. Sjå elles retningsliner.
- Stønaden skal gå til prosjekt og aktivitetar (ikkje drift)
- I 2009 ligg det 468 000 til fordeling i denne ordninga. Vanlegvis ligg tilsegna i frå denne ordninga mellom 5000 og 20 000 kroner.
- Om det vert søkt om støtte til eigne kunstnarlege produksjonar er det eit føremon at det ligg ved/vert referert til enkel dokumentasjon (lydspor, bilete, link til heimeside el.)
- Søknadsfristar: 1. halvår: 1.mars, 2. halvår: 15.september.
- Politisk handsaming.
Regionale kulturføremål
- Støtte til større kulturutviklingstiltak og prosjekt som har verksemd i eller tyding for større regionar eller heile fylket.
- Ikkje stønad til drift.
- For å søke under denne ordninga må det søkast pr. post og leggjast ved prosjektplan.
- Søknadsfristar: 1. halvår: 1.mars, 2. halvår: 15.september.
- Politisk handsaming.
Tilskot til frivilllig verksemd i lokalsamfunn som bidrar til deltaking, dialog og samhandling
Tilskotsmidlane er løyvd over Statsbudsjettet for 2009. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har delegert ansvaret for forvaltninga av denne tilskotsordninga til fylkeskommunane, som fordeler midlane etter søknad.
Ordninga er delt i to:
a) Tilskot til drift av lokale innvandrarorganisasjonar (Pdf) (Word).
Innvandrarorganisasjonar med demokratisk vald styre og minimum 25 betalande medlemer kan søkja om tilskot til drift av organisasjonen. Målet med tilskotet er:
- å styrkja lokal organisering av innvandrarar.
- auka mangfald gjennom at innvandrarar får tilgang til fleire sosiale nettverk.
- at innvandrarar kan fremja felles interesser overfor lokale styresmakter.
Innvandrarorganisasjonar med medlemer primært frå Norden, USA, Canada, Australia og New Zealand fell utafor tilskotsordninga. Som hovudregel skal det ikkje gjevast tilskot til meir enn éin nasjonal/etnisk basert organisasjon for kvart land/etnisk gruppe lokalt.
b) Tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn (Pdf) (Word).
Det er ope for alle å søkja om tilskot frå denne delen av tilskotsordninga.
Føremålet med ordninga er:
- å skapa møteplassar i lokalsamfunn på tvers av etnisk og nasjonalt opphav.
Tilskot skal i hovudsak gjevast til tiltak som gjennomførast i konkret samarbeid mellom ulike lokale aktørar.
Retningsliner 2010 for tilskudd til frivillig virksomhet i lokalsamfunn som bidrar til deltakelse, dialog og samhandling.
Søknadsfrist 1. mars kvart år.
Politisk handsaming april same år.
Skjema for årsrekneskap og rapport for 2010. Drift av lokale innvandrerorganisasjonar. (Pdf) (Word)
Skjema for årsrekneskap og rapport for 2009. Drift av lokale innvandrerorganisasjonar. (Pdf) (Word)
Utbetalingsrapport/-skjema for tiltak og aktivitetar innvandrarorganisasjonar og fleirkulturelle tiltak. (Pdf) (Word)
Informasjon om Frivillighetsregisteret og krav om organisasjonsnummer for å søke tilskudd på IMDi-ordninger (Pdf)
Stønad til kulturverntiltak (pdf)
- Tilskot til skjøtsel og formidling av automatisk freda kulturmine og tilskot til restaurering og vedlikehald av kulturminne frå nyare tid.
- Statsmidlar til freda og verneverdige bygg og anlegg, kystkultur og kulturmiljø vert overførte til fylkeskommunen etter at Riksantikvaren har handsama søknader frå alle fylka i samsvar med Statsbudsjettet.
- Søknadsfrist 1. november kvart år
- Politisk handsaming .
Tilskot til fartøyvern (pdf)
- Hordaland fylkeskommune, ved kultur- og idrettsavdelinga, har ein årleg budsjettpost til fartøyvern.
- Tilskotet går til restaurering av verneverdige fartøy.
- Søknadsfrist 1. november kvart år.
- Politisk handsaming.
Kontaktperson: Stein Ottosen
Budsjettsøknader
Frist for søknader budsjett 2010 er 1.mai 2009.
For musé er fristen 31. mars.