Løyve til endring på freda bygg (nyare tid)

Hordaland fylkeskommune har ansvar for forvaltninga av freda bygningar og anlegg frå nyare tid (etter 1537) i Hordaland. At eit kulturminne er freda inneber at alle endringar som går utover vanleg vedlikehald må godkjennast av styresmaktene.

Vedlikehald
Vedlikehald betyr arbeid for å hindre forfall på grunn av jamn og normal slitasje, eller for å rette opp uventa skadar eller manglar. Vanleg jamt vedlikehald kan utførast utan å måtte kontakte styresmaktene for anna enn rådgjeving. Hovudprinsippet for vedlikehald av freda bygningar er å ta vare på dei opphavlege bygningsdelane og detaljane; tak, golv, kledning, vindauge, dører, listverk og overflatehandsaming. Til vedlikehaldet skal ein bruke opphavlege materialar (same type) og opphavlege handverksteknikkar.

Døme på tiltak det må søkjast dispensasjon (løyve) for:
• Heil eller delvis utskifting av grunnmur, vegger, bjelkelag eller tak
• Utskifting av utvendig veggkledning, taktekking, vindauge, dører, listverk og piper
• Utskifting av veggfast inventar, som skap, senger, benkar og omnar
• Endring av malingstype, farge, fjerning av eldre fargelag, overmaling av dekor og liknande
• Ombygging/modernisering av kjøkken og bad
• Tilbakeføring av bygningen til tidlegare dokumentert tilstand

Dispensasjon - Søknad om endring på freda bygg og anlegg
Søknadar om dispensasjon vurderast av Hordaland fylkeskommune. Dette gjeld både vedtaksfreda kulturminne, områdefredingar, kulturmiljøfredingar og forskriftsfreda kulturminne.

Føremålet for fredinga vil vere utgangspunktet for om det skal gjevast dispensasjon eller ikkje. Vurderinga vil alltid byggje på eit fagleg skjønn.

Alle inngrep i freda kulturminne skal utførast slik at dei lar seg tilbakeføre . Det vil seie at endringar og tilføyingar skal kunne fjernast utan at bygningen vert gjort ringare.

Søknaden skal klargjere kva eigaren har tenkt å gjere og illustrere dette med fotografi og teikningar. Er opplysningane mangelfulle, vil sakshandsamar måtte be om supplerande materiale.

Det vil i nokre høve vere naudsynt med synfaring på staden for å vurdere tiltakets verknad eller eventuelt kome fram til andre løysingar om styresmaktene ikkje er tilfredse med forslaget.

Skjema for søknad om dispensasjon

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart