
Forslag 1: “Colour Station”, inne, sett mot sør.
Ferdig i august 2012
Skulen og symjeanlegget er under bygging og skal stå ferdig til skulestart i august 2012. Det skal brukast 1,6 millionar kroner på kunstnarisk utforming i området ved inngangen i sør. Fem kunstnarar vart invitert til å delta i ein lukka konkurranse. Utkasta vart levert innan fristen 6. desember i fjor og blir no vurdert av juryen.

Forslag 2: “Baner og vendinger”, fugleperspektiv ute, sett mot nord.
Dei fem kunstnarane som vart vald ut, er:
· Sveinung Rudjord Unneland & Thord Veseth Foss
· Astrid Løvaas & Kirsten Wagle
· Dyvekke Sanne
· Reinhard Haverkamp
· Beret Aksnes & Vegar Moen
Dei fem forslaga til kunstnarleg utsmykking har fått namna “Colour Station”, “Baner og vendinger”, “Pantha Rhei”, “Jeg blomstrer i skyggen”, og “Glimt”. Konkurransen er lukka, slik at juryen ikkje veit kven som står bak dei ulike forslaga.

Forslag 3: “Pantha Rhei”, modell av “Vind”, ute.
Visuell styrke
Kunstnarane er valde fordi dei har kapasitet til å handtere samansette rom og flater, samstundes som dei representerer ulik erfaring og tilnæring. Juryen har representantar frå kommunen, fylkeskommunen og arkitektane.
Juryen ønskjer eit kunstprosjekt med visuell styrke lagt til overgangssona i sør mellom kantine, bibliotek og hovudtrapp. Området markerer overgangen mellom inne og ute, trafikksone og kafé, symjehall og skule. Det er både visuelle og fysiske kontaktflater mellom mange ulike funksjonar.

Forslag 3: “Pantha Rhei”, modell av “Vann”, inne.
28.800 kvadratmeter
Helleren blir på om lag 28.800 kvadratmeter med 14.400 til skule og 11.300 til symjeanlegg. 3.100 kvadratmeter er fellesareal. Hordaland fylkeskommune er byggherre for skulen, mens Bergen kommune byggjer symjeanlegget. Totalt har kunstplanen for Helleren ein total ramme på 6,6 millionar kroner.
Helleren har ein byggjekostnad på vel 1,3 milliardar kroner eksklusiv tomt. Skulen får 900 elevar og 120 tilsette.
Meir informasjon om kunstkonkurransen
Første spadetak for Helleren

Forslag 4: “Jeg blomstrer i skyggen”, sett mot nord.

Forslag 5: “Glimt”, sett utenfrå mot nord.

Helleren omfattar Amalie Skram videregående skole og det nye internasjonale symjeanlegget med plassering mellom Brannstasjonen, terminalområdet for jernbanestasjonen og Store Lungegårdsvann. Fylkeshuset bak til venstre.
15.02.2011: ”Vind” og ”vann” skal utsmykke Helleren