Sjå bidraga til lukka konkurranse om kunstprosjekt for inngang syd

Fem kunstnarar/kunstnarpar blei etter prekvalifisering sommaren 2010 invitert til lukka konkurranse om det største enkeltprosjektet i kunstplanen for Helleren. Utgangspunkt for konkurransen og kunstplanen for området, var ei vekting av rørsle både som mentalt og fysisk fenomen.

«Baner og vendinger»

Sveinung Rudjord Unneland og Thord Veseth Foss

Forslaget har form av kryssande, rette linjer innfelt i golvflatene. Linjene strekker seg mellom foajé, serveringsområdet i symjehallen og uteareal. Mange av linjene er interaktive og vil lyse opp ved bevegelse.

Baner og vendinger

Baner og vendinger 2

Unneland og Foss har begge utdanninga si frå KHiB, MA kunst og design, i 2006 og 2007. Begge er aktive som individuelle kunstnarar/designarar, med fleire utstillingar og oppdrag etter ferdig utdanning. Blant desse er Palinca Pastorale ved HKS, Bergen i 2010, og utvikling av utstillingsmøbel for Universitetet i Bergen.

«Colour Station»

Astrid Løvaas og Kirsten Wagle

Utkastet består av ei tosidig flate på 5,5 x 4,1 med eit malt mønster som illuderer ein forstørra, vevd flik av eit stoff. Flata er sett saman av to aluminiumsplater som er gjennomhola og pulverlakkert med sterke fargar og sentralt plassert slik at den er synlig både frå store delar av fellesareala, kantine, skoledel, symjehall og utanfrå.

Colour station

colour station mønster

Løvaas og Wagle er utdanna frå SHK, 1982, og har samarbeidet sidan 1981. De har utført ei rekke større oppdrag for KORO, der Den Norske Opera kanskje er den mest kjende. Dei har hatt fleire separatutstillingar, bl.a. på Nasjonalmuseet for Kunst, Arkitektur og Design, i 2008. Dei er òg representert i fleire samlingar.

«Glimt» 

Dyveke Sanne

Utkastet består av to hoveddelar; dikroisk glas, fotografi og laserkutta mønster sett inn i glasfasaden mot sør, og video projisert på vegg inne i myldreområdet.

Glimt

Glimt 2

Sanne er utdanna ved Statens kunstakademi, Oslo, 1993. Ho har hatt fleire offentlege oppdrag, deriblant Glemmen videregående skole, Fredrikstad, og Høgskolen i Vestfold (Koro). Ho har òg mottatt ei rekke prisar, deriblant Norsk lyspris for Perpetual repercussion, et kunstprosjekt for Svalbard globale frøhvelv, i 2009.

«Jeg blomstrer i skyggen»

Vegar Moen og Beret Aksnes

Forslaget består av 1400 biter av treslaget pokkenholt felt inn som talkodar i to veggflater, eit brodert flagg frå nasjonen Belize og ei skriftleg forklaring til bruken av talkodar.

Blomstrer i skyggen

jeg blomstrer i skyggen

Moen og Aksnes har utdanninga si frå henholdsvis Kunstakademiet i Trondheim, 1998, og Bergen kunsthåndverkskole, tekstil, 1979. Dei har begge individuelle karrierer som kunstnarar, med separatutstillingar på Bergen Kunstmuseum 2009 (Moen) og Christiansands kunstforening 2006 (Aksnes). I samarbeid har dei vunne fleire offentlege konkurransar, som Kilden teater- og konserthus, Kristiansand, og Vågen vgs. skole, Sandnes. 
 

«Panta rhei»

Reinhard Haverkamp

Utkastet har form av ei todelt løysing. Installasjonen innandørs, ”Vann”, består av sju individuelt bevegelige ringelementer i sveisa rustfritt stål, med ein total diameter på ca. sju meter. Utandørsverket «Vind» er ein vindbevegelig skulptur med ei fritt bevegelig elipse med diameter på 360 cm montert på ei ca. 8 meter høg mast i syrefast stål.

Phanta rhei - vann

phanta rhei vind

Haverkamp er utdanna ved Hochschule der Künste, Berlin, 1981. Av separatutstillingar er dei siste Å erobre rommet, Kunstnersenteret i Buskerud, 2009, og Dobbelthjul,  skulpturinstallasjon i uterommet ved Norsk Skogsmuseum, Elverum, 2007. Han har òg gjennomført ei  rekke oppdrag, deriblant Haus der Nachhaltigkeit, Biosphärenreservat Pfälzer Wald og Hamar Katedralskole, begge i 2008.

22.02.2011 12:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart