Pr. årsskiftet 2009/2010 har vi følgjande prosjekt under arbeid:
Amalie Skram videregående skole
Sum til kunst frå HFK 4 000 000 + KORO 1 400 000(inkl. 400 000 til konsulentar). I tillegg kjem Bergen kommune sin del(svømmehallen). Dette er eit samarbeidsprosjekt med Bergen kommune. Første møte i komiteen vart helde mai 2008. Sissel Lillebostad er hovudkonsulent og Arne Rygg er bikonsulent for begge delprosjekta, og Lillebostad er også leiar for kunstkomiteen. Dette er eit stort prosjekt og komiteen har hatt regelmessige møter. Utlysing til prekvalifisering februar 09. Etter dette vil det vere ein hovudkonkurranse og mindre delprosjekt.
Meir om Amalie Skram videregående skole
Nordahl Grieg videregående skole
Sum til kunstprosjekt/utsmykking 2 000 000. Ikkje ekstra støtte frå KORO.
Kunstkomiteen for dette prosjektet hadde sitt første møte april 2008. Kunstnarane Trond Lossius og Ingrid Berven var peika ut som kunstnarlege konsulentar, og sistnemnde er leiar for komiteen. Etter
prekvalifisering og konkurranse fekk kunstnarduoen Maria Udd og Stine Karlsen(Bergen/Askøy) oppdraget med den kunstnarlege utsmykkinga. Dei er no i gang med arbeidet og kunstverket skal stå
klart juni 2010.
Knarvik vidaregåande skule
Sum avsett til kunstprosjekt 500 000 kr. Ikkje ekstra stønad frå KORO.
Komiteen hadde sitt første møte september 2008. Kunstnarleg konsulent og leiar for komiteen er kunstnar Annette Kierulf(Radøy). Komiteen valde her kunstnaren John Audun Hauge til å utføre oppdraget som sto ferdig til skulestart/opninga av nybygget.
Kvinnherad vidaregåande skule – tilbygg
Sum til kunst frå HFK er 900 000 – 1,2% av totalenteprisekostnad. KORO har løyvd 200 000 pluss 132 000 til konsulentbudsjett. Tone Saastad(Bergen) og Gisle Harr(Oslo) er kunstnarlege konsulentar. Komiteen skal ha sitt første møte i starten på februar.
Osterøy vidaregåande skule
sett av midlar frå HFK 830 000 kr. Vi har fått stønad frå Koro på 100 000 pluss 112 000 til konsulent.. Kunstnarleg konsulent Mikkel Wettre(Oslo) vart peika ut i starten november. Komite er under etablering.
Austevoll Vidaregåande skule
sett av 560 000 frå HFK. Fått avslag frå KORO. Anne Helen Mydland(Bergen) er kunstnarleg konsulent. Komiteen er under etablering.
Bybanen – byggetrinn 1
I tillegg til desse bygga er fylkeskommunen involvert i kunstprosjektet i høve Bybanen trinn 1. Bergen kommune/Bergen kommunes fond til kunstnerisk utsmykking står som initiativtakar og ansvarleg for dette. Hordaland fylkeskommune v. Kultur- og idrettsavd. avdelinga er representert i denne kunstkomiteen som starta opp sitt arbeid ved førre årsskifte. Kunstnarleg konsulent/prosjektleiar er Jørgen Blitzner. Første konkurranse er utlyst og kanidatar kjem til Bergen på synfaring i slutten av januar.
Bybanen – byggetrinn 2
skal avklarast