Det er no lyst ut midlar til lokalt arbeid med folkehelse og friluftsliv i Hordaland. Søknadsfrist 15. februar.
Nytt i 2012
Alle søknader må skje via kommunen, statlege regionale aktørar eller friviljuge organisasjonar på fylkesplan. Vidare må søknadene sendast inn via eit elektronisk søkarsystem. Det skal fyllast ut eitt skjema for kvart tiltak.
Dersom fleire søknader under same tilskotsordning, skal søkjar gje den einskilde søknad ein prioritet, der 1 har høgast prioritet, 2 har nest høgast prioritet osv.
Mange søknader
Prioriteringa må følgjast, når det ventast stor søknadspågang og det kan verte tilfeller med avslag på einskilde søknadar.
Ver merksam på søknadsprosedyren
Vi minn om endringar i 2012 og ber søkjarane lese nøye gjennom dei ulike retningslinene og kriteria for dei einskilde tilskotsordningane.
Tiltak som fell utanfor ordningane:
- Ordinær drift av kommunar eller organisasjonar.
- Prosjekt eller tiltak som har næringsverksemd som hovudmål.
- Tilskot skal ikkje danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer.
Infoside om tilskot til folkehelse og friluftsliv 2012