Kunsten å kveda - kurs for store og små

Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil born og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger.
På kurset vil ein få kjennskap til folkesongar og i tillegg få læra om song- og kvedarteknikk og scenekunst. Det er ikkje naudsynleg å kunna noko om kveding frå før, berre songgleda er inntakt! Dessutan vil alle kursdeltakarane få høve til å delta som gruppe under Folkemusikkveka 2012.

Når arrangørane veit meir om kven som melder seg på, vil dei finna kursstad. "Dette fordi Kvinnherad er ein langstrakt kommune og me vil gjerne møtast på midten".

Her kan du lesa meir om kunsten å kveda (pdf) 

Folkemusikkveka

Kvart tredje år sidan 1992 har Hordaland fylkeskommune skipa til Folkemusikkveke i ulike kommunar i Hordaland. Meininga er å bera fram og synleggjera tidlegare innsamla folkemusikalsk materiale frå den aktuelle kommunen men òg å nytta folkemusikken knytt til ulike samanhengar i dag. Ein ønskjer at Folkemusikkveka får eit breitt fokus innan alle kulturaktivitetar der frivillige lag og organisasjonar vil stå sentralt.

Hordaland fylkeskommune stiller FYHND, fylkesmusikarane, i til rådvelde for den aktuelle kommunen under denne veka.

Kvinnherad kommune er vertskap for Folkemusikkveka 2012.
Sjå sak 12/10 i kultur- og ressursutvalet. 

Eli Lothe 01.02.2012 07:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart