KnarvikMila tek sats med fylkeskommunen

”Målet vårt er at vi skal bli eit utstillingsvindauge – eit arrangement som er så profesjonelt som mogeleg på alle plan, frå marknadsføring til gjennomføring", seier stevnegeneral Helge Brekke. "Det offisielle Nordhordland har sagt at KnarvikMila er den beste marknadsføraren av regionen. Vi ynskjer no å bli endå betre”.

Kr. 500.000,- frå fylkeskommunen
I løpet av ein treårsperiode skal det brukast 1,5 millionar på prosjektet i form av eigne midlar og dugnad, midlar frå sponsorar og konsulenttenester. Fylkeskommunen har løyva kr. 500.000,- til prosjektets første år frå Regionalt Utviklingsprogram. I reiselivssamanheng er KnarvikMila ein motor for regionen Nordhordland. Store idrettsarrangement er ein spennande kanal ut mot verda når det gjeld PR og marknadsføring, og det vert lagt ned ein stor innsats i å skape mogelegheiter for lokale og regionale aktørar. KnarvikMila er også ein del av Partnarskapen si LivOGLyst-satsing.

Internasjonale aktørar
KnarvikMila har vore arrangert i Nordhordland sidan 1983, og er i dag eitt av Norges eit av Norges største kultur- og idrettsarrangement. Det vekelange arrangementet inkluderer seminar, konferansar, arrangement for familien og internasjonale hjelpeprosjekt. I 2011 deltok ca. 15 000 på dei ulike
arrangementa, inkludert løpa. Deltakarane kom frå 4 kontinent og 27 ulike land, og inkluderte utøvarar i høgste verdsklasse, med mangedobbel olympisk meister Haile Gebrselassie i spissen.

Fjordane trekkjer mest 
Det unike fjord-landskapet er eit av KnarvikMila sine største fortrinn når det gjeld å skape oppmerksomheit rundt arrangementet, og mange av deltakarane og tilskodarane ynskjer å nytte høvet til å oppleve regionen når dei først er her. Derfor skal KnarvikMila satse på reiseliv og produktutvikling, i samarbeid med andre lokale reiselivsaktørar i Nordhordland, Bergen Reiselivslag og Fjord Tours. KnarvikMila marknadsfører seg på 12 av dei store løpsmessene i Europa, med visuell profilering av regionen, natur og fjordar.

Sjå artikkel i avisa Nordhordland her.  Dersom du vil ha meir informasjon om prosjektet, kan du lese prosjekttilsegna.

 

Marta Rongved Dixon 09.01.2012 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart