|
Prosjekt Bryggen vart starta opp i 2000 og er eit statleg finansiert program for sikring og istandsetting av bygningar på verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er å ruste opp verdskulturminnet Bryggen til eit nivå som er i samsvar med kulturminnet sin høge status og slik at ein deretter kan halde fram skjøtselen med vanleg vedlikehald.
Prosjekt Bryggen er eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og eigarane på Bryggen. Prosjektleiaransvaret er lagt til fylkeskommunen, som stiller ein spesialrådgjevar til disposisjon som programansvarleg. I tillegg deltek fylkeskommunen i Operativ styringsgruppe og i samarbeidsgruppa for Prosjekt Bryggen. |