Fredingssak om Stødleterrassen til handsaming i Etne kommunestyre

Hordaland fylkeskommune har sendt brev til Etne kommune om Stødleterrassen, fredingssak til handsaming i Etne kommunestyre.

Hordaland fylkeskommune sende 13. september 2010 fredingsforslaget for Stødleterrassen på offentleg høyring.

Det er kome inn i alt 21 høyringsfråsegner. Slik kulturminnelova og reglane for handsaming av fredingssaker føreskriv, skal fredingsforslaget og høyringsfråsegnene sendast over til kommunestyret for politisk handsaming, saman med fylkeskommunen sine kommentarar til høyringsfråsegnene og opplysningar om endringar som fylkeskommunen vurderer å gjera i fredingsforslaget.

Den politiske handsaminga av fredingssaka i Hordaland fylkeskommune skjer på møte i kultur- ressursutvalet og fylkesutvalet 23. og 24. august 2011. Vedtak vert då sendt Etne kommune. Når Etne kommunestyre har handsama saka vert fredingsforslaget oversendt Riksantikvaren, som gjer vedtak om eventuell freding.

Les brevet med fylkeskommunen sine kommentarar til høyringsfråsegnene, konklusjon og vidare sakshandsaming (pdf) 

Vedlegg:

Kommentarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding (pdf)

Utgreiing etter naturmangfaldlova (pdf)


Høyringsfråsegnene (pdf)

Les meir: Freding av Stødleterrassen



Vigdis Berge 12.07.2011 09:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart