Løyvingane fordeler seg slik:
Faun (35.000 kr), Folgefonn (1.900.000 kr), Fyk (150.000 kr), Granvin (45.000 kr), Hamen (1.950.000 kr), Midthordland (600.000 kr), Oster (100.000 kr), Selma (30.000 kr), Skånevik (200.000 kr), Stord I (1.200.000 kr), Terje (200.000 kr), Tysso (400.000 kr), Vartun (Tysnes) (100.000 kr), Vestgar (200.000 kr) og diverse fartøy, SAVOS-verneplan* (440.000)
Ei stor løyving gjekk til M/F Folgefonn. Folgefonn var den første reine bilferga i Hordaland. Etter at fartøyet gjekk ut av bruk vart det seld ut av landet i 1979. Fartøyet har fram til i dag vore nytta som klubbhus av Erith Yacht Club og ligg på Themsen.

Folgefonn anno 2007, frå ferje til klubbhus, London England. Foto: Stein Ottosen
Allereie i 1979 når Folgefonn for til England var det krefter som arbeidde for at ferja skulle bli verande i landet. Bård Kolltveit skreiv i HSD-posten i 1979: ”Som ei av dei første store turistferjene i landet er ”Folgefonn” i dag eit stykke levande historie – i den aller beste tydinga av ordet. Ho er eit viktig kapittel i norsk samferdselssoge, og det burde gje både kommunikasjons- og kulturhistorikarar litt å tenkja på, når ho no truleg går pensjonsalderen i møte.”
Det har i lengre tid vore arbeidd for å få dette flytande kulturminnet attende frå England, mellom anna har Hardanger og Voss museum vore ei drivkraft bak tiltaket. Ferga er tenkt som del av aktiviteten ved Hardanger fartøyvernsenter. Erith Yacht Club i England er samarbeidspart i prosjektet. Representantar frå Hardanger og Voss museum, Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren har hatt møte med eigaren for å leggje vidare planar.
Les meir hjå Riksantikvaren