
Samarbeidsavtalen vart signert av fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti og instituttleiar Christhard Hoffmann ved institutt for arkeologi, historie, kulturvitenskap og religion (AHKR). (Foto: Arne Mykkeltveit, AHKR)
Ikkje lenger skitne på fingrane
– Vi har teke initiativ til denne avtalen, opplyser fylkesarkeolog Tore Bjørgo i Hordaland fylkeskommune. – Vi har merka at studentane som kjem frå arkeologistudiet, manglar praksis i feltarbeid. Før var dei skitne på fingrane, men i dag kan dei ta eksamen etter fire-fem år nesten utan å ha vore på feltarbeid. No byggjer vi bru over til Universitetet i Bergen for å gje studentane betre kunnskap, seier Bjørgo.
Byrjar i neste veke
Tilbodet går til studentane som har eitt år igjen før eksamen i masterstudiet. Alle 14 på studiet skal på utgravingar i regi av Hordaland fylkeskommune i sommar. Dei første byrjar alt i neste veke.
Største arbeidsplass
Fylkeskommunen er mellom dei største arbeidsplassane for arkeologar. Alle kulturminne frå før 1537 er etter lova om kulturminnevern automatisk freda. Ved større utbyggingar skal arealet kartleggjast slik at utbygginga ikkje kjem i konflikt med moglege fornminne. Dette ansvaret har sidan 1990 lagt hos fylkeskommunen.
Nye metodar
Fylkesarkeologane må utvikle både nye metodar basert på eigne behov, og vurdere innkjøp av utstyr og tenester hos eksterne aktørar. Studentane får dermed innblikk i metodar og vurderingar som dei ikkje nødvendigvis blir fortrulege med på studiet.
Framtidig abeidskraft
– Vi har ansvar for å gå ut i felt og vurdere landskap som skal byggast ut eller endrast. Ved funn skal det gjerast registreringar og andre vurderingar, og i kvart tilfelle må innsatsen vegast opp mot resultata. For studentane vil det vere verdifullt å få oppleve korleis slike saker blir handsama, og for oss er det ein fordel å sikre oss meir kompetent framtidig arbeidskraft, seier Bjørgo.
3000 saker kvart år
Bjørgo fortel at fylkeskommunen kvart år får 3000 saker om arealbruk til handsaming.
– Vi vurderer alle, men i om lag 10 prosent av sakene, 300, gjer vi feltarbeid. Vi er åtte arkeologar på avdelinga, men dette er ikkje nok, så vi leiger inn fem arkeologar til å hjelpe oss i perioden april til november. I tillegg skal vi fordele dei 14 studentane på dei ulike utgravingane i sommar, seier fylkesarkeolog Tore Bjørgo som arbeider på seksjon for kulturminnevern og museum på kultur- og idrettsavdelinga til Hordaland fylkeskommune.
Underskriven avtale
Avtalen mellom fylkeskommunen og universitetet vart underskriven 1. juni av fylkeskultursjef Anna Elise Tryti og instituttleiar Christhard Hoffmann ved institutt for arkeologi, historie, kulturvitenskap og religion (AHKR).
Les meir om avtalen hos På Høyden, nettavisa til Universitetet i Bergen

Arkeologistudentar får viktig feltpraksis gjennom den nye avtalen mellom Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Bergen. (Foto: Lars Holger Ursin, UIB)