Kong Oscarsgt 70

Hordaland fylkeskommune har no godkjent eigar sine planar for utbetring av Kong Oscars gate 70. Bygningen vart teikna i 1910 av arkitekt Einar Oscar Schou og er rekna som den mest særprega bygarden utført i wienerjugend i Noreg. Kong Oscars gate 70 inngår og som ein del av eit større, samanhengande kulturmiljø i et historisk viktig område i Bergen.

Etter at noverande eigar kjøpte bygarden i 2002 søkte dei Bergen kommune om å få gjere større endringar både i eksteriør og interiør. Dei omfattande endringane på kulturminne vart avslegne av Bergen kommune. Då konflikten mellom eigar og kommunen ikkje løyste seg vart sjølve bygningen ståande til forfall. Bygningen vart ei tid nytta av huslause og etter fleire branntilløp frykta ein at både bygningar og menneskjeliv kunne gå tapt.  

Kong Oscars gate 70.teikna i 1910 av Einar Oscar Schou i wienerjugendstil

Då dei høge kulturminneverdiane vart sterkt truga vedtok Hordaland fylkeskommune i juni 2009 å mellombels frede bygarden etter kulturminnelova. Med kulturminnelova som styringsverkty har fylkeskommunen vore i kontinuerlig dialog med eigar sin arkitekt for finne berekraftige løysingar som ville ta vare på praktbygningen. I første omgang skal bygningen no sikrast og sanerast for sopp. Bygarden skal så settast i stand. Utvendig skal bygningen ikkje endrast og innvendig skal det leggjast til rette for ein ekstra bustad i kvar etasje.

Planløysingane skal ta omsyn til dei opphavlege kvalitetane og alle nye tilføyingar skal vere reversible. Det vil seie at opphavlege planløysingar skal kunne tilbakeførast på eit seinare tidspunkt.  

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd er nøgd med at huset no vert sikra og satt i stand på kulturminnet sine premissar – Når vi først vart kontakta i saka var forfallet allereie omfattande. At partane no har funne fram til gode løysingar for denne arkitektoniske perla vil vere til stor glede både for bergensarar og tilreisande, seier Ekerhovd.

David Sandved Aasen 30.09.2011 15:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart