Nygårdsparken vart opna i 1885 og var då eit framståande døme på landskapspark etter engelsk mønster. Parken hadde for si tid eit gjennomført arkitektonisk og landskapsmessig preg. Gjerdet er teikna av arkitekt Johan Adolph Fisher (1844-1925). Nygårdsparken med sine karakteristiske smijernsbruer og gjerde representerar eit av Noregs beste og mest særprega eksempel på ein offentleg park i engelsk landskapsstil. Fredinga skal sikre parken sin nasjonale kulturminneverdi.
Les fredingsvedtaket her:Freding_Nygårdsparken.pdf