Fartøyvernet si oppgåve er å ta vare på og formidle gamle båtar. Dette er viktig i eit kystfylke som Hordaland. Kjende veteranbåtar i fylket vårt er til dømes Statsraad Lehmkuhl og DS. Oster.
Fartøyvernet har tradisjonelt ikkje hatt den same lovforankringa som arkeologien og bygningsvernet, og har for det meste vore drive på frivilleg basis.
I år 2000 blei det høve til å freda båtar, og ferja Skånevik frå 1967 vart freda av Riksantikvaren i 2006.
Ferje M/F Skånevik. Synfaringsarkiv, kulturminnevern, Hordaland fylkeskommune. Foto: Stein Ottosen
Les meir her - om regionalt fartøyvern - evaluering av prøveperioden Gamle dampen må heim ! (Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd i BT 12.11.09) Nasjonal verneplan for fartøy (oppslag 13.12.10) Ny satsing på fartøyvern. Hordaland fylkeskommune set kurset for fartøyvernpolitikken. (oppslag 19.01.11)