Nyare tids kulturminne

Hordaland fylkeskommune har eit overordna ansvar innan omsyn til nyare tida kulturminne. Som nyare tids kulturminne reknar vi alle spor etter menneskeleg aktivitet i tida etter 1536. 

Dette femner om både bygningar og bygningsmiljø, men og andre slik som tekniske kulturminne, kulturlandskap, steingardar, utmarksminne og fartøy. Målsetjinga til Hordaland fylkeskommune er å verke til at ein lokalt, både i kommunane og på eigarnivå ser verdien av vern og ivaretaking. Utfordringane er store og fylkeskommunen ser at som regional aktør må ein vera aktiv i prosessane. 

Vern gjennom bruk og tilrettelegging er eit viktig fokus. Vedlikehald og bruk er med på å vise noko av det gamle og slik auke dei kvalitetane som bu og oppvekstmiljø treng. Kulturminna fortel oss på lokalt nivå om viktige delar av historia vår. Hordaland fylkeskommune har ganske få freda bygg og anlegg, men verneverdien er då stor for eit høgt tal bygg og anlegg i kommunane. Bygningar og anlegg som og er viktige å ta vare på lokalt for ettertida.

Fylkeskommunen er den som har arbeidet med å fordele både statlege og fylkeskommunale tilskot til restaurering, istandsetjing av freda og verneverdige bygningar og anlegg. Fylkeskommunen er og ein aktiv del av arbeidet med å sikre kunnskapsoverføring av gamle handverkstradisjonar.

Fylkeskommunen gjev råd og innspel til spørsmål om vern og vøla av bygningar og anlegg. Innan plansaker gjev fylkeskommunen innspel til nyare tids interesser for å sikre at arkitektoniske kvalitetar, bygningsmiljø ikkje vert utilbørleg skjemd eller øydelagt.


04.12.2009 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart