Museum


I 2000 vart den nasjonale museumsreforma vedteken av Stortinget (St. melding nr. 22 (1999-2000). Reforma tok sikte på å få til eit betre museumstilbod til alle innbyggjarane i Noreg. Ein av strategiane ein valde var å samle dei museale ressursane for å skape større og meir robuste einingar med stor fagleg breidd. I Hordaland fann ein før reforma nær 100 ulike museum og samlingar med og utan offentlege tilskot. Etter reforma er dei fleste av desse gått saman i ni konsoliderte einingar:

Museumssenteret i Hordaland
Kunstmuseene i Bergen 
Bymuseet i Bergen
Museum Vest
Hardanger og Voss museum
Sunnhordland Museum
Sjøfartsmuseet 
Norsk Vasskraft- og industristadmuseum
Baroniet i Rosendal

Konsolideringsprosessen hadde fleire målsettingar. Statleg og fylkeskommunal politikk var sameint i målet om å profesjonalisere og styrkje museumsfeltet i regionen slik at innbyggjarane i Hordaland samle fekk eit så godt museumstilbod som mogeleg. Strategien var å byggje færre og sterkare einingar og å byggje tettare samarbeidsrelasjonar så vel musea i mellom, som mellom musea- og arkiv og biblioteksektoren. Gjennom å styrke musea var intensjonen å betre kulturfeltet i vid forstand og dermed styrke regionen.

Fylkesdelplan for museum 2003-2008 vart det viktigaste formelle styringsinstrumentet for å få gjennomført konsolideringsprosessen i Hordaland. Fylkesdelplanen vart vedteken av fylkestinget 11.06.2003 og er del av den generelle sektorvise planlegginga innanfor fylkeskommunen sine politikkområde.
Konsolideringa var elles godt fundert i ei rad statlege og fylkeskommunale planar og dokument.

Fylkesdelplan for museum 2003-2008 har vore retningsgjevande for Hordaland fylkeskommune si politikkutforming på feltet og gjeve premissar for den omfattande museumsreforma i fylket. Planen har vore gjeldande sidan 2003, og treng ein revisjon som formar ut fylkeskommunen si vidare satsing i høve nye utfordringar på feltet.

(Frå saksutgreiing, sak 49/08 i Hordaland fylkesting, 14.08.08)


Revisjon av museumsplanen for Hordaland
Hordaland fylkesting gjorde 14.10.08 følgjande vedtak (sak 49/08) : 

1. Fylkestinget vedtek oppstart av ny fylkesdelplan for museum 2010-2015.
2. Opplegg for rullering av fylkesdelplan for museum vert som skissert i saka.
3. Fylkesdelplan for museum 2003-2008 gjeld til ny plan er vedteken.
4. Som saksordførar for rullering av fylkesdelplan for museum vert Berit W. Eldøy oppnemnd.
5. Fylkesdelplan for museum vert finansiert gjennom fylkesplanprogrammet.
Les saka revisjon av museumsplan for Hordaland på http://polsak.ivest.no/ 


Regional plan for musea fram mot 2015
Arbeid med Regional plan for musea vart sett i gang etter vedtaket i fylkestinget 14.10.2008. I prosessen er det peika på særlege utfordringar knytta til musea si rolle som samfunnsutviklar og i samhandlinga med kommunane og frivillig sektor. 

Kultur- og ressursutvalet handsama på møtet 1. juni 2010 saka Regional plan for musea i Hordaland. Status for musea og planarbeidet
I vedtaket heiter det at kultur- og ressursutvalet merkar seg at det er trong for meir tid til å førebu høyringsutkast til regionalplan for musea.
Les saka med saksutgreiing og vedtak her.

På møtet i kultur- og ressursutvalet 12.10.10. informerte saksordførar for museumsplanen, Berit W. Eldøy, om ny tidsplan for ferdigstilling av planen. Planarbeidet må mellom anna handsame dei signal som ligg i Stortingsmelding 20 (2009-2010) Omorganisering av ABM-utvikling.

Oppslag 01.03.11:
Regional plan for museum 2011-2015 "Musea i samfunnet" , høyringsfrist 15.04.11.

Pressemelding 29.02.11: Ny museumsplan på høyring 

Oppslag 05.05.11: Høyringsfråsegner - museumsplanen

* * *


St.meld. nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum: Forvaltning, forskning, formidling, fornying 


Museum (Tema - Kulturnett Hordaland) 

Museum i Hordaland (Liste frå Institusjonsguiden - Kulturnett Hordaland)

 

Publisert 01.01.2009 av Eli Lothe, sist oppdatert 05.05.2011 18:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart