Hordaland Fylkeskommune er forvaltningsstyresmakt med mynde etter kulturminnelova. Som regionalt mynde tek fylket i vare ei rekke statlege og regionale oppgåver innafor kulturminnevernet.
Kulturminnevern er eit mangesidig omgrep og rommar mange ansvarsområde. Me har både eit førhistoriske kulturminnevern og bygningsvern, handverkstradisjon og teknikkar, fartøyvern. Alle desse fagfelta har sine utfordringar med omsyn til vern og utvikling.
Få av kjeldene til vår eiga historie ligg i arkiv eller på museum, langt dei fleste finst i bygningar, vegfar, gravhaugar, fangstgropar og alle dei andre kulturminna i landskapet. Kulturminne av ulik slag er uansett ein knapp ressurs og kvart kulturminne er slik unikt. Både gravhaugen, eller til dømes Oselvarbåten rommar i seg sjølv ein liten bit med informasjon om fortida, tradisjon og utføring. Informasjon og opplevingsverdi som berre det opphavlege kulturminnet vil kunne gje oss.
Målsetjinga til Hordaland fylkeskommune er at omsynet til kulturminna skal sikrast gjennom all lokal og regional utvikling og arealplanlegging. Fylkeskommunen skal då gje faglege innspel til kommunar og tiltakshavarar for å sikre omsynet til freda og verneverdige kulturminne vert integrert som ein del av planproduktet. Fylkeskommunen har og ansvaret for å gjennomføre arkeologiske registreringar der dette er naudsynt i plansaker. Fylkeskommunen skal og gje råd i einskildsaker vedrørande riving, vedlikehald, endring eller ombygging av verneverdige bygningar. Dessutan gje generelle råd og rettleiing til kommunar, grunneigarar og andre med ansvar for kulturminne.
Hordaland fylkeskommune skal som regionalt mynde kunne setje i gang freding av kulturminne med nasjonal verdi for å kunne sikre eit vern. Ei stadig viktigare oppgåve er å setja i gang arbeid med å lage skjøtselsplanar både for einskilde kulturminne og større område med slike. Fylkeskommunen skal og vera den som arbeider med å fordele både statlege og fylkeskommunale tilskot til restaurering, istandsetjing av freda og verneverdige bygningar og anlegg.
Fylkeskommunen har mange oppgåver, men skal innan kulturminnevernet vera ein viktig utviklingsaktør i sin region. Kulturminnevernet søkjer slik å setje i gang prosjekt, der målet er å sikre verneverdige kulturminne og kulturmiljø i ein større miljø- og samfunnsmessig samanheng.