Stødleterrassen er ein unik samanheng mellom kulturminne og landskap. Terrassen har hatt eit stort tilfang av automatisk freda kulturminne som i dei siste 100 år har vore utsett for stort press. Kulturminnevernet har lagt fram forslag til ei kulturminnefreding av Stødleterrassen som no er til politisk handsaming i Etne kommune.
Stødleterrassen i Etne har kulturminne som viser attende til ei meir enn 4000 år lang kontinuerleg historie.
Samlinga av gravminna frå bronse- og jernalder er spesielle for Hordaland og viser til eit unikt grunnlag for etablering av makt alt i frå bronsealderen av. Ein prosess som veks i styrke gjennom jernalder og inn i tidleg mellomalder. |
 Hordaland fylkeskommune: Synfaringsarkiv kulturminne. Gravfelt på Stødletbrotet. Foto: Ann Steindal |
Stødleterrassen har ein markant plass som setegard i tidleg riksdanning og utforming av det norske kongeveldet i mellomalder.
Fylkeskultursjefen legg difor fram forslag til freding av eit større areal for å sikre kulturminne i ein større samanheng. Dokumenta i saka ligg tilgjengeleg for lesing - nedlasting på linkane under og er då grunnlag for uttale i samband med første gongs høyring.
Kunngjering offentleg høyring Stødleterrassen.pdf
Forskrift for områdefreding Stødleterrassen.pdf
Forvaltningsplan Stødleterrassen.pdf
Kart over føreslått fredingsområde Stødleterrassen A3 format.pdf
Stødleterrassen Etne kommune områdefreding § 19 dokumentasjon.pdf
21.09.10: Presentasjon av fredinga i kommunestyret Etne kommune
Her orienterte fylkeskonservator om fredinga, bakgrunn og prosess vidare. Det vart gjeve tilbakemelding frå kommunestyret på problemstillingar ein lokalt såg. Problemstillingar av almenn interesse vil fylkeskommunen prøve å klargjere ytterlegare på eit ope informasjonsmøte i byrjinga av november.
27.10.10: Kunngjering av møte med grunneigarar
Fylkeskommunen har lagt opp til grunneigararmøte på Etne Tinghus den 2. november. Møtet vert halde på Tinghuset kl 19.30.
27.10.10 Kunngjering av ny frist for høyringsuttale
Då freding er ein omfattande prosess og kulturminnevernet sitt ynskje om å ha ein så open prosess som råd har Hordaland fylkeskommune sett ny sams frist til høyringsuttale til 31.12.2010
Merknader til forslag til freding skal sendast Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga Pb 7900, 5020 Bergen.
08.07.2011 Fredingssak sendt Etne kommune til 2. gongs handsaming.
Saksframlegg med kommentarar og forslag til endringar vert sendt til Etne kommune for 2. gongs handsaming i kommunestyret. Dokumenta kan hentast under linkane her:
Oversendingsbrev fredingssak Stødleterrassen.pdf
Kommentar og merknader til forvaltningsplan og føresegner.pdf
Tileggsutgreiing naturmangfald på Stødleterrasen.pdf
kopi inkomne merknader 1.gongs høyring.pdf
Politisk handsaming i Hordaland fylkeskommune
Sak om Forslag til freding av Stødleterrassen har vore lagt fram for komite for Kultur og resursutvalet den 23.08.2011 (saknr 82/11) og i Fylkesutvalet den 24.08.2011 (sak 153/11).
Særutskrift av politisk vedtak i saka finn ein i linken under.
Særutskrift politisk handsaming av fredingssak Stødleterrassen.pdf