Hovudgrunngjevinga til at Bryggen kom med på Verdsarvlista i 1979 er byggeskikken som representerer ein nordeuropeisk urban bygningstradisjon som har røter i mellomalderen og at ein her har den einaste gjenverande del av eit hanseatisk kontor. Ein plass på Verdsarvlista plasserer Bryggen mellom andre kjende monument som Den Kinesiske Mur, Keopspyramiden i Egypt og Akropolis i Hellas. Den Norske stat har ved ratifisering av UNESCO – konvensjonen forplikta seg til å verne, bevare og formidle dei verdiane ein har på Bryggen. Med dette har vi tatt på oss eit stort ansvar. Eit ansvar som vi tek på alvor. Som del av den statlege oppfølginga av verdsarvkonvensjonen vert det gjennomført evalueringar av verdskulturminna av uavhengige ekspertar kvart sjette år. Staten har engasjert ICOMOS (International Council On Monuments and Sites) til å gjere denne evalueringa av Bryggen i 1994 og 2001. For å møte dei utfordringane som låg i oppfølginga av tilrådingane frå ICOMOS-evalueringa tok Hordaland fylkeskommune på seg ansvaret for å lage ein forvaltningsplan for Verdskulturminnet Bryggen. Hordaland Fylkeskommune har med delegasjon av ansvar og mynde etter Kulturminnelova hatt tilsynsansvar med bygningsmassen i Verdskulturminnet Bryggen fram til 1. februar 2004 då Byantikvaren i Bergen Kommune tok over. Forvaltningsplanen som her ligg føre er arbeidd fram i Kultur og idrettsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune i samarbeid med representantar frå Byantikvaren, Bryggen Private Gårdeierforum, Stiftelsen Bryggen, og Riksantikvaren distriktskontor vest. Det nære samarbeidet mellom forvaltningspartane har vore ein føresetnad for at planen skulle få det rette forhold mellom bevaring av kulturminnet og utvikling av Bryggen som ein levande bydel i Bergen sentrum.
|