Syltastova på Radøy

Gnr./Bnr. 21/20

Vi kan med rimeleg tryggleik fastslå at Syltastova er bygd på slutten av 1500 talet. Årringsdateringa som blei utført i 2006 anslår 1550 – 1610 som ytterpunkt og 1580 som sannsynleg fellingsår for tømmeret.
Syltastova har vore brukt som bustad, men truleg og som forrådsrom.

I 2002 mått taket rehabiliterast og i samråd med Riksantikvaren falt valet på nevertekking (torvtak).
Alt av eksisterande materialar over sperr måtte skiftast. Det blei lagt nytt trotak, deretter never og til slutt torv for å halde nevertekkinga på plass.

Klikk på bileta for å gjera dei større

Her ser vi ein brakekrok montert oppå neveret, for å unngå lekkasje. Brakekroken må ha eit vist tverrsnitt /styrke for å tåle trykket frå torvhaldstokken som igjen får heile tyngda av torvtaket. Syltastova med nytt tak.
Her har ein begynt å legge never. Never vert lagt i fleire lag, gjerne 6-7 alt etter kvalitet. Interiørbilde etter at det nye trotaket og never er lagt.
30.08.2007 12:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart