|
Dette huset blei reist i 1898 som bustad for ein direktør. Det er bygd i sveitserstil, ein byggemåte som skulle gje meir lys og luft. Takhøgd og vindauge blei vesentleg større, det same gjaldt for takutstikket, og husa fekk gjerne ein veranda i hovudfasaden. Stilen kjem frå Europa til Noreg midt på 1800 talet, og kulminerer rundt 1930. I tillegg hadde byggemåten som formål å fokusere på treets konstruktive eigenskapar. Stilen er såleis prega av stor formingsglede, og den kan virke sprudlande. Dette huset var begynt å bere preg av at deler av vedlikehaldet som var gjort ikkje heldt mål. Viktige bygningsdelar som hadde vore fint dekorert var skifta til fordel for enkle erstatningar.
Klikk på bileta for å gjera dei større |