Bygningsverntenesta - historikk

Kulturhistorisk miljøplan (bygningsverntenesta) er eit  fagopplæringsprosjekt, der verneverdige bygningar og miljø vert rehabiliterte. Det er lagt opp til at dei som utfører arbeidet får auka kompetansen sin på dette feltet av bygningsarbeidet. 

Kulturhistorisk miljøplan vart opphavleg vedteken i 1992 som ein handlingsplan for oppgradering av bygningar, kulturlandskap og historiske miljø, basert på sysselsetting og lærlingar.
Utover kulturminnevernet har planen frå starten av hatt eit næringssiktepunkt:

Sjøbruksmiljø frå Krossøy, Austrheim

Å utløyse historiske bygningsmiljø og kulturlandskap som ressursar for rekreasjon og friluftsliv.

Etter at tiltaket no er permanentisert i fylkeskommunen, er det bygd opp rammevilkår som gjer Kulturhistorisk miljøplan i stand til å ta på seg oppgåver innan restaurering og opplæring i alle regionane i Hordaland.

Planen koplar fleire gode saker både med omsyn til kulturminnevern og kompetanseutvikling.

Kultur-og idrettsavdelinga har ansvaret for gjennomføring av prosjektet, som kombinerer arkitektfagleg spisskompetanse og fylkeskommunale arbeidsleiarstillingar.

Planen fører vidare ei rekkje av del tiltaka som vart sette i gang under Prosjekt Vestkyst (1989-92); eit stort tverr-etatleg prosjekt i fylkeskommunens regi innanfor rammene av Kommunaldepartementet sitt distriktsutviklingsprogram, PTD-programmet (program for tenesteytande verksemd i distriktet).

Miljø, kulturvern, tettstadutvikling og reiseliv har vore sentrale innsatsområde i dette programmet. For ein del dreiar det seg også om fullføring av prosjekt som har vore eit sentralt innsatsområde i kultursektoren gjennom mange år.

Prosjekt Vestkyst har vore samansett av seks delprosjekt: Samordningssenter for kultur og reiseliv, Lyngheisenteret på Lygra i Lindås, Verneplan for gamle handels- og gjestgjevarstader, Kulturhistorisk eigedomsformidling og Kulturhistorisk Vegbok.
Av desse er det særleg arbeidet med restaurering og tilrettelegging for ny bruk av sjøbruksmiljø og del gamle handels- og gjestgjevarstadene langs leia som vert ført vidare gjennom Kulturhistorisk miljøplan.

To av prosjekta, Vestkysten og Lyngheisenteret, har fått status som "fyrtårnprosjekt" i Strategisk Næringsplan i Hordaland fylkeskommune, under tiltaksområde nr. 3; kultur og reiseliv. Eit innhaldsrikt delprosjekt under fyrtårnprosjektet Vestkysten er «Nordsjøløypa»: turar til fots og med sykkel på langs av kysten, med gamle gjestgjevarstader, strandsitjarstader, husmannsplassar og sjøbruksmiljø som historiske overnattingsstader langs leia.I tillegg til vernet av historiske miljøverdiar har Kulturhistorisk Miljøplan også eit næringssiktepunkt.

Gamle håndverktradisjonar

Restaurering av kulturminne og kulturlandskap skaper verdiar i lokalsamfunnet og tilbod for friluftsliv og reiseliv. I 1993 vart det utført 338 månadsverk.

Utan denne innsatsen, for ein stor del finansiert gjennom arbeidsmarknadstiltak, ville mange av desse stadene ha vore i eit stadium av sakte forfall.

 

22.05.2006 09:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart