Arkeologi

Fagområdet arkeologi femner om spor etter menneskeleg aktivitet. I Hordaland strekkjer den førhistoriske perioden seg i frå byrjinga av steinalder for om lag 11000 år sidan, gjennom bronsealder, jernalder og ut mellomalder, heilt fram til reformasjonen i 1536. Hordaland fylkeskommune skal som regionalt mynde sjå til at vern av både kjende og til no ikkje kjende kulturminne vert teken vare på.

Alle spor etter menneskeleg aktivitet, eldre enn reformasjonen i 1536 er automatisk freda kulturminne etter kulturminnelova. Slike kulturminne kan vera av ulikt slag. Det kan vera synlege minne, slik som gravhaugar, røyser, bautasteinar, hustufter, bygdeborger og mellomalderkyrkjer. Andre typar minne er vegfar og groper for trekolproduksjon. Kulturminna kan òg vera slike som er usynlege på markoverflata slik som flatmarksgraver, buplassar frå steinbrukande tid, eller merke etter tufter der hol etter stolpar og grøfter ligg under markoverflata.

I tillegg har me alle dei gjenstandane som vert funne. Desse er viktige spor etter menneske frå lang tid attende. Oftast er desse berre funne laust i jorda i samband med jordarbeid eller ras. Lausfunna viser oss likevel at folk har nytta området i lang tid og funna kan og vise om lag når dei har vore på staden. Samla sett gjev alle desse kategoriane viktige bidrag til puslespelet om førhistoria vår.


Gravfelt og kulturlandskap på Gjerstad, Osterøy. Foto Hordaland fylkeskommune

I Hordaland fylkeskommune skal kulturminnevernet søkje ta vare på dei kulturminna som er automatisk freda. Dette gjeld både dei alt kjende, men og sikre at kulturminne som kan bli råka av ny arealbruk i form av planar og tiltak får ein dokumentasjon og vern. Hordaland fylkeskommune har slik eit delegert ansvar frå Riksantikvaren for å ta vare på, undersøkje og dokumentere automatisk freda kulturminne i samanheng med planar. Arkeologar har difor som ei av sine hovudoppgåver å undersøkje areal som vert omfatta av offentlege eller private arealplanar av ulike slag. Første steget er å gå gjennom det arkivmaterialet som finst. Dette kan vere register over tidlegare funn, registrering - og utgravingsrapportar, kart, bilete o.l. I tillegg kan det vera naudsynt å synfare dei aktuelle områda.

I dei samanhengane der det vert gjort undersøkingar dokumenterer arkeologane eventuelle funn og registrerer desse i den nasjonale fornminnedatabasen ”Askeladden”. Fornminna blir slik gjort kjent både for utbyggjar, planleggjar, kommune og fagmiljøa elles.

Her kan du lesa artikkelen "Bergkunst oppunder Folgefonna" (Kjersti Vevatne, 01.10.09)

Jostein Aksdal 10.12.2009 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart