Søknad og handsaming

Kven kan søkje

Søknadane skal vere innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling på feltet.

Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Hordaland, og søknaden må medverke til utvikling i Hordaland.

Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar, deriblant føretak, foreiningar/lag og stiftingar. Utøvarar med registrerte einskildføretak kan også søkje. Private einskildpersonar kan ikkje søkje, med unntak av tilfelle der føresetnaden er at det vert etablert ein organisasjon, dersom søknaden blir innvilga. Innanfor nokre programområde kan det bli nærare spesifisert kven som kan søkje.

Prosjekttype

Det er ikkje mogleg å søkje om støtte til ordinær drift eller investeringar. Det blir berre gitt støtte til prosjekt med varigheit på inntil tre år. Søknaden skal ta utgangspunkt i dei vedtekne programområda for KUP 2012-2013. Ved planlegging av vidare drift for tiltaket utover prosjektperioden, skal søknaden gjere greie for ein vidare finansieringsstrategi.

Tilskot

Prosjekta har normalt tilskottsgrad på inntil 50%. Eigenfinansieringa kan vere arbeidsinnsats. Det kan bli anbefalt at ein har høgare tilskotsgrad innanfor nokre programområde (t.d. 80%). Stønadsbeløpa vil variere etter prosjekttype. Det kan skiljast på lengd på prosjekt, tilskottsgrad og eventuelt programområde:

  1. 100.000 – 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, vekt på nyskaping, overføringsverdi, samarbeid
  2. Prosjekt over 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, med større krav til partnarskap, gjennomføringsevne, administrasjon, osb.

Det kan i enkelte tilfelle gjevast lågare summar som stimuleringsmidlar til mindre prosjekt/tiltak, eller økonomisk starthjelp for eit prosjekt som er i ein fødselsfase.  

Vilkår for handsaming

Registreringsskjema må sendast inn.

Hovudsøknaden skal innehalde følgjande:
- Namn på søkjar
- namn på prosjekt/tiltak, og om dette er forprosjekt eller hovudprosjekt
- søkjebeløp og andel av totalbudsjett
- omtale av prosjektet som skal innehalde:

  • bakgrunn for og føremål med prosjektet
  • relevans i forhold til programområde(r)
  • metode for å realisere føremålet
  • effekt av prosjektet - hovud og bi-effekter
  • organisering av prosjektet, td. organisasjon, prosjekteigar, - ansvarleg, - leiar, samarbeidspartnarar, samarbeidsform  
  • tidsline for prosjektet hovudutfordringar
  • finansieringsplan og budsjett

Om det gjeld søknad om forprosjekt vil vi krevje omtale av dei ovanståande punkta for forprosjektet. Det vil i tillegg verte venta at ein gir ein kort omtale av dei førebels ideeane og planane ein har om hovudprosjektet. 

 

Vilkår for tildeling

Det vert ikkje gjeve stønad til ordinær drift og investeringar.
Søknaden skal vera innretta mot eit eller fleire programområde.

Ved den skjønnsmessige vurderinga vil det mellom anna bli lagt vekt på:

  • i kva grad prosjektet har resultat som bidreg til å oppfylle mål i programområdet
  • i kva grad prosjektet er nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt
  • i kva grad prosjektet har betyding for større regionar, heile fylket eller Vestlandet
  • i kva grad prosjektet har eit høgt kvalitativt nivå
  • i kva grad prosjektet vil føre til meirverde for kultursektoren
  • i kva grad prosjektet klarer å bli synleg
  • i kva grad prosjektet kan seiast å ha berekraft og gjennomføringsevne
  • i kva grad ein har lukkast med å samarbeide med andre og på tvers av kultursektoren
  • i kva grad ein har tatt med vurdering av eventuell drift av tiltaket etter prosjektperioden (varig drift)
  • i kva grad ein kan oppnå full prosjektfinansiering (nasjonal/internasjonal)

Tilråding og vedtak

Sakshandsaming og tildelingskriterium har som siktemål å sikre eit forsvarleg, forutsigbart og etterprøvbart grunnlag for skjønnsutøving i handsaming av søknadene. Tilrådinga vert gjort på ein måte som er transparent og objektiv, med vekt på å sikre mot ugrunna forskjellshandsaming og vilkårlegheit. Alle dokument knytt til søknad og handsaming er offentlege.


Fylkesrådmannen legg fram innstilling til vedtak. Kultur- og ressursutvalet er politisk avgjerdsorgan og gjer endeleg vedtak.
Inntillinga vert offentleg ei veke før møte i utvalet og vert publisert under politiske saker. Her vil du og finna vedtak i saka dagen etter at møtet er gjennomført.

Klagerett

Vedtak kan påklagast etter reglane i forvaltningslova kap. VI.

Rapportering

Tilskotsmottakar rapporterer kvar 6. månad om måloppnåing og økonomi, nærare fastsett i tilsegnsbrev. Det skal også sendast inn sluttrapport.

Søknadsfrist: 1. mars 2012

Signert søknad skal sendast til:
Kulturelt utviklingsprogram
Kultur- og idrettsavdelinga
Hordaland fylkeskommune
Pb 7900
5020 Bergen
Kopi sendast til kup@hfk.no 

Registreringsskjema må vera utfylt innan 1. mars kl. 24.00. Signert søknad må vera postlagd seinast 1. mars.

Politisk handsaming

Forrige handsaming i kultur- og ressursutvalet var 31. mai 2011.

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart