Kulturelt utviklingsprogram (KUP) for Hordaland er eit verkemiddel for større programsatsingar, og skal støtta prosjekt initierte av kulturlivet sjølv. KUP er eit supplement til Hordaland fylkeskommune sin øvrige innsats på kulturområdet, og til annan offentleg eller privat økonomisk medverknad. Programmet skal på sikt dekkje breidda i kultursektoren, men fordi det er snakk om større satsingar, prioriterer vi nokre få programområde om gongen. KUP vil i første omgang ikkje omfatte idrett og friluftsliv. Programområda vert utforma i samråd med kulturlivet i fylket, gjennom Regionalt kulturforum.
Langsiktige mål treng langsiktige og forutsigbare satsingar. Samtidig er utfordringane stadig skiftande. KUP er ein fleksibel reiskap som skal avgrense og målrette innsatsen annakvart år, innanfor fylkeskommunen sine langsiktige strategiar.
Utlysingane av KUP er å oppfatta som ein invitasjon til kulturlivet om å respondere i forhold til dei vedtekne programområda. KUP skal ha eit høgt presisjonsnivå i forhold til å møta dei behova som finst i kulturlivet, og til å nå konkrete mål. Etter råd frå Regionalt kulturforum er følgjande innsatsområde prioriterte i 2012-2013:
A: Kunstnarleg nyskaping
Kunstopplevingar er utviklande både for enkeltmenneske og fellesskapet. Det er difor om å gjere å leggje til rette for at alle får høve til å møte ulike typar kunst i heile fylket. Særleg viktig er det å stimulere til å auka den generelle kunnskapen om vår eiga tids kunst, for å gje større forståing og utbyte av denne. Kunstfeltet i Hordaland skal vere dynamisk, synleg, kritisk. Det offentlege har eit ansvar for å bidra til at kunstnarane har vilkår som gjer det mogleg å produsere god og nyskapande kunst. Kunsten og kulturuttrykka i seg sjølv kan også verte betre i møte med eit større mangfald av publikummarar.
Innsatsen skal særleg rettast mot regionale prosjekt som:
- stimulerer til dristige kunstprosjekt som bringer fram nye perspektiv
- er signalprosjekt
- skaper nye møteplassar mellom kunst og publikum, og mellom kunstnarar og publikum
- er kunstprosjekt i offentlege rom
B: Samarbeid
Kulturlivet på Vestlandet består i stor grad av mange profesjonelle, mindre kulturaktørar i tillegg til dei større institusjonane. Spesielt gjennom dei siste åra har kultur- og kunstlivet på Vestlandet lukkast med å etablera fleire velfungerande organisasjonar som dannar gode faglege nettverk. Desse er viktige for overføring av kompetanse og erfaring, og bidreg til å styrke samspel innan det enkelte fagfelt som igjen fører til at heile feltet står sterkare. Slike strukturar kan også vere gode partnarar i tverrkunstnarlege/tverrkulturelle dialogar, og slik styrka heile kultursektoren på Vestlandet.
Hordaland fylkeskommune skal leggje til rette for vekst i det profesjonelle kulturlivet og institusjonane, og ser felles løysingar og grenseoverskridande samarbeid som ein god veg å gå for dette. Fylkeskommunen ønskjer å satse på tiltak som kjem fleire kunstnarar og kulturaktørar til gode. Det er i regelen viktig at dette er opne og inkluderande tiltak og møtestader.
Etablering og vidareutvikling av nettverk innan kulturlivet i Hordaland er vesentleg i det kulturelle utviklingsarbeidet. Det finst mykje kunnskap og høg kompetanse blant enkeltaktørar i fylket, og ved at ulike aktørar innan og på tvers av felt og profesjonar møtest organisert og regelmessig, skapast det rom for gjensidig inspirasjon, kreativitet, kompetanseutvikling og kunnskapsoverføring.
Innsatsen skal særleg rettast mot regionale prosjekt som:
- bidreg til å skape nettverk og betre møteplassar mellom institusjonar og små føretak, som kan ta større løft
- stimulerer til etablering og styrking av organisasjonar/føretak innan kunst og kultur som arbeider på tvers av kommunar og/eller kultursjangrar
- utviklar arenaer/arbeidsrom for kunstnarleg verksemd med vekt på samhandling mellom by og region.
- er interkulturelle prosjekt
- er internasjonale prosjekt
C: Nyskapande formidling
Hordaland har eit rikt utval kulturtilbod, men det er ein relativt liten del av befolkninga som brukar mange av tilboda. Fleire kan ha glede av mykje meir – og ein må jobbe for å identifisere og byggje ned dei hindra som måtte finnast for at fleire skal ta del i kunst- og kulturlivet.
Den offentlege kulturpolitikken skal bidra til å sikre mangfald, likeverd og likestilling også i kulturlivet. Den skal legge til rette for at fleire utviklar kulturforståing og opplever kunst og kultur – og slik står betre rusta til å møte og meistre utfordringane i livet og i samfunnet.
Fokuset på publikumsutvikling har vorte sterkare dei siste åra, og det har vorte sterkare føringar frå staten knytt til løyvingar. Det handlar ikkje berre om å telje publikummarar, men også på å nå andre typar publikummarar.
Innsatsen skal særleg rettast mot regionale prosjekt som:
- utvidar moglegheita for publikum til å oppleve kunst i Hordaland
- er formidlingstiltak mot ulike grupper for å auke kunnskap om og forståing av ulike typar kunst
- tek i bruk nye metodar i kunst- og kulturformidling
D: Kompetanse
I dagens kunnskapssamfunn skjer endringane raskt, og krava til omstilling og kompetanseutvikling er store. Kunnskap og kreativitet står fram som sentrale drivkrefter for verdiskaping i samfunnet og er stadig viktigare for at enkeltmennesket skal kunne realisere seg sjølv. Mange som arbeider innan kunst- og kulturfeltet har behov for å oppdatere seg og tileigne seg ny kompetanse.
Bergen har store utdanningsinstitusjonar med solide fagmiljø som kan vere med å leggje til rette og utvikle etter- og vidareutdanningstilbod etter bestilling frå kunst- og kulturlivet i Hordaland.
Innsatsen skal særleg rettast mot regionale prosjekt som:
- er tiltak for å auke kompetansen innan formidling
- koplar frivillige tiltak og profesjonelle fagmiljø, med mål om at det frivillige skal styrkjast fagleg, men at det også vil kunna flyta kunnskap og kompetanse den andre vegen
- medverkar til å auke kunst- og kulturaktørar sine inntektsmoglegheiter gjennom å legge til rette for å styrke mellom anna økonomisk-administrativ kompetanse
- forskar på kulturfeltet
- aukar arrangørkompetansen for å gje fleire sterke rom for kunst og kultur i fylket
Andre føringar for programperioden:
Kultur- og ressursutvalet ønskjer at det i programperioden også skal satsast på tiltak som styrkjer Hordaland sin identitet/kultur, herunder kystkulturen.