Ofte stilte spørsmål om spelemidlar
Kven er kontaktperson for spelemiddel-søknader?
Anleggsrådgjeving generelt: Tore Andersen og Lasse Bolstad.
Inndraging/utbetaling av spelemidlar og mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg: Lasse Bolstad.
Målgruppe
Søkjarar om tilskot av spelemidlar til idrettsanlegg kan vere
kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar.
Bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal vere opne for allmenn, idrettsleg verksemd, og ikkje underlagt kommersielle interesser.
Søkjarar om tilskot av spelemidlar til nærmiljøanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeninger, borettslag, andelslag eller andre samanslutningar.
Føremål
Spelemidlar til idrettsføremål skal bidra til at ein større del av befolkninga får mulighet til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kommunen gir veiledning og behandlar søknader om statlige spelemidlar til anlegg og områder for idrett og friluftsliv. Det kan søkjast om tilskot til
- nybygg av idretts- og friluftsanlegg
- rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg nærmiljøanlegg
Kriterier
Ordinære anlegg og nærmiljøanlegg må vera med i ein vedteke kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det føreset at organisasjonane gjev sine innspel i planprosessen i samband med kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Forenkla nærmiljøanlegg treng ikkje vera med i den kommunale planen.
Kor mykje kan det søkjast om?
Hovudregelen er at det kan søkjast om inntil 1/3 av godkjent kostnad med anlegget innanfor ordinære anlegg. Det er særskilde storleikar på beløpet innan dei ulike idrettane. Minumumsbeløpet er kr 50 000,-.
Det kan søkjast om inntil 50 % av godkjent kostnad med anlegget innanfor nærmiljøanlegg Maksimumsbeløpet er kr. 200 000,- og minimumsbeløpet er kr 40 000,-.
Det kan søkjast om inntil 50 % av godkjent kostnad med anlegget innanfor mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. Maksimumsbeløpet er kr. 40 000,- og minumumsbeløpet er kr 10 000,-.
Korleis søkjer ein om spelemidlar?
Søknad skal skje gjennom kommunen der anlegget ligg, via idrettsanlegg.no
Kva er fristen for å søkja om spelemidlar?
Søknadsfristen for ordinære anlegg og nærmiljøanlegg er ein gong i året. Søknadsfristan varierer frå kommune til kommune. Kontakt kommunen der anlegget ligg/skal byggjast.
Søknader knytt til forenkla nærmiljøanlegg, vert handsama fortløpande.
Meir informasjon? Kontakt med Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga, seksjon for idrett og friluftsliv.