Aktuelt om anlegg for idrett og friluftsliv

Tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg

Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg er (ute-)anlegg eller område som er tilrettelagt for eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegget skal vere knytt opp mot bu- eller opphaldsområde og målgruppa er primært barn og ungdom (6-19 år). Det er krav om at anlegget skal vere universelt utforma. 

Søkjarar om tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg kan vere velforeininger, borettslag, andelslag, stiftingar, idrettslag eller kommunar.

Øvre kostnadsgrense (total kostnad) for anlegget kan ikkje vere på meir enn kr 80 000,- og det vert gitt støtte med inntil 50 % av godkjend kostnad, avgrensa opp til kr 40 000,-. Tilskotsbeløpet kan ikkje vere på mindre enn kr 10 000,-.

Alle søknader skal sendast til gjeldande kommune. Kommunen godkjenner søknaden og sender den vidare til Hordaland fylkeskommune. Sakshandsamingstida i fylkeskommunen er på maksimalt fem veker frå vi får søknaden.

På søknadsskjema står det kva for vedlegg som SKAL ligge ved søknaden. Ta kontakt med din kommune om du er i tvil om du har alle vedlegg i orden.

Spørsmål? Kontakt Svein Erik Såtendal

Lykke til!

  

 


 

Jens Harald Garden 09.07.2006 01:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart