Spelemidlar

 

Når det skal søkjast om spelemidlar til bygging av anlegg til idrett og friluftsliv, er det per i dag tre ulike ordningar det kan søkjast innan: ordinære anlegg, ordinære nærmiljøanlegg og forenkla ordning; nærmiljøanlegg. Under finn du ulik informasjon om spelemidlane og søknadsprosessen.

Frå og med hausten 2008 er det nye anleggsregisterer idrettsanlegg.no tilgjengeleg på internett. Dette inneber at all søknad om tilskot frå spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet skal gjerast elektronisk.

Relevante dokument i utviklinga av gode kommunale planar
I samband med rullering eller revidering av kommunale planar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, finst det nokre hjelpemidlar i form av rettleiarar og andre plandokument som fortel kva det er naudsynt å ta omsyn til i planarbeidet. Om du klikker her vil du finne ulike sjekklister som inneheld det som er relevant å ta omsyn til når det skal utviklast aktivitets- og anleggsplanar i kommunen.

Kva vedlegg skal vere med søknad om tilskot frå spelemidlane? 
Når du skal søkje om tilskot frå spelemidlane, er det nokre vedlegg (i tillegg til søknaden) som MÅ ligge ved. Klikk på søknadstypen for å få infomasjon om kva for vedlegg som skal følgje søknaden:

Dokumentasjon som skal følgje ein spelemiddelsøknad
Generelt om mindre kostnadskrevende nærmiljøanlegg
Vedlegg til forenkla ordning - nærmiljøanlegg

Informasjonsbrosjyre
- ordinære anlegg
- ordinære nærmiljøanlegg
- mindre kostn.krevjande nærm.anlegg

Kontaktpersonar i kommunane
I kvar kommune i Hordaland er det nokon som spesielt har ansvar for spelemiddelsøknader. Oversikt finn du her!

Sakshandsaming
Søknader om tilskot må først sendast til kommunane for sakshandsaming. Kommunane skikkar godkjente søknader til fylket. For meir utfyllande informasjon les meir om kommunal- og fylkeshandsaming.

Tidlegare tildelingar frå spelemidlane
2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009

Ofte stilte spørsmål
Det er nokre spørsmål som mange lurar på med omsyn til spelemidlane og korleis søkje om statlege spelemidlar. Les nokre av dei mest stilte spørsmåla

Døme på spelemiddelsøknader

PS! Merk at det ikkje er mogleg å sende inn søknad per papir - bruk desse døma som rettvisarar i høve til kva opplysningar som er naudsynt å ta med i den elektroniske søkjeprosessen! DS.

I tillegg til info.brosjyre og søknadskjema, kan du og klikke her for andre publikasjonar frå KKD:
Vinteraktivitetar for funksjonshemma
Spelemidlar til anlegg for friluftsliv i fjellet
Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2009
Rettleiar - førehandsgodkjenning
Rehabilitering/ombygging
Om pantobligasjon
Rekneskapssamandrag - anlegg for idrett og friluftsliv
Spillemidler til idrettsanlegg 1999 - 2006 (rapport)

Vi viser elles til Kultur- og kyrkjedept. sine sider for meir informasjon om spelemidlane.

Sida er sist endra 6.10.2010

Jens Harald Garden/Guro Øvsthus 24.01.2011 23:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart