Stor entusiasme for merke- og graderingsprosjektet i Hordaland

5. oktober var nærare 30 personar samla til erfaringsseminar på Friluftslivets hus i Bergen. Dette var kontaktpersonar for dei ulike merke- og graderingsprosjekta i fylket og representantar for dei ulike samarbeidande organisasjonane.

Tilsaman 35 ulike prosjekt fekk tildelt midlar 13. mai i år til å merke og gradere ulike turløypar for vandring, sykling, skiturar og padling i heile fylket.

God stemning hos deltakarane på samlinga 5. oktober 2011. Foto: Einar Grieg

På samlinga gjekk ein igjennom  ulike probemstillingar og praktisk erfaringsutveksling mellom dei ulike prosjekta.

Nytilsett prosjektkoordinator for prosjekta i dei 4 vestlandsfylka, Arne Kristian Teigland presenterte seg for møtet og såg fram til godt samarbeid med alle innvolverte. Les meir om dette på Bergen Turlag sin nettstad

Tilsaman reknar ein med at over 400 ulike løyper berre i Hordaland vil bli merka med den nye standarden gjennom dette prosjektet.

Samla har heile det toårige prosjektet ei økonomisk ramme på 20 millionar, der Gjensidigestiftelsen gjekk inn med 10 millionar og dei frivillige og fylkeskommunane tilsaman bidreg med 10 millionar kroner til Vestlandsprosjektet.

Innovasjon Norge er og ein viktig bidragsytarar til Vestlandsprosjektet.  

Prosjektet er eit samarbeid mellom Friluftsråda, Forum for natur og friluftsliv, Jeger og Fiskeforbundet, Den Norske Turistforeining, NCE Tourism – Fjord Norge og fylkeskommunane i dei fire Vestlandsfylka.

Vestlandsprosjektet opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper på Vestlandet. Skiltinga byggjer på fire graderingar som vi kjenner frå alpint – grøn, blå, raud og svart løype som ein indikator på vanskegrad.

Les meir om merkestandarden på innovativ fjellturisme sin nettstad. 
Les meir om kven som fekk pengar i Hordaland i år her
 

 Kvifor satse på merking og gradering?

• Tilretteleggje for gode naturopplevingar for alle!

• Hjelpe brukarne til å velge hensiktsmessige turar ut ifrå eigne føresetnader (viktig for gleda ved turen!)
• Tilrettelegg for styrt ferdsel i nærområda til destinasjonene (vern, miljø, lokale omsyn) 
• Godt planleggingsverkty for å sikre eit nettverk av varierte stiar og løyper som ledd i å styrke attraktiviteten til ein destinasjon eller eit naturområde


Askøy på langs
Askøy på langs er ei av turløypene som ser dagens ljos i Hordaland gjennom Vestlandsprosjektet. Eit særs spannande prosjekt!


På Hordaland fylkeskommune sin årlege dialogkonferansen for kommunane i Hordaland var Vestlandsprosjektet eit av temaane. På bilete fra venstre: Fylkesidrettsjef Britt Karen Spjeld, rådgjevar Einar Grieg, frå fylkeskommunen, dagleg leiar i Bergen Turlag Helene Ødven, Fritjof Fosse frå Bergen Friluftsråd, medlem i kultur og ressursutvalet Anita Garlid Johannessen, Einar Holsvik frå Gjensidigestiftelsen, Ordførar på Askøy Knut Hanselmann, Gunnar Brynjulfsen Kultursjef på Askøy og fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti.

06.10.2011 11:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart