Ordninga er iverksett av Kulturdepartementet og har eksistertsidan 2003. Totalt har om lag 114 millioner vorte løyvd i tilskot til utstyr i klubbar og barneidrettsskular. Det kan søkjast støtte til utstyr innkjøpt i søknadsåret og avgrensa til ei liste for kvar einskild særidrett. Idrettsskular kan søkje om utstyr til bruk i idrettsskulen. Viktig informasjon: Særidrettslag eller grupper i fleiridrettslag søkjer via sin Klubben Online-side, direkte til sine respektive særforbund. Desse kan ikkje søkje via søknaden for barneidrettsskular. Barneidrettsskular søkjer via sin Klubben Online-side direkte til sin tilhøyrande idrettskrets. Midlane vert utbetalt til laga etter at dei respektive særforbunda eller idrettskretsane har motteke kjøpskvittering. Les meir om ordninga her.
Heidi Hatlen, telefon 55 59 58 00heidi.hatlen@idrettsforbundet.no