Flott oppslag om turløypar på Kalandseid

På Kalandseid har idrettslaget, velforening, skulen, grunneigare, Ytrebygda mottakssenter for asylsøkarar og andre gått saman for å utarbeide lokale turstiar som er merka og gradert.

I eit flott oppslag i Fanaposten 3. januar får dei fram kor løypane går og kvifor dei veljar å merka løypar i nærområde der folk bur.

Les oppslaget i Fanaposten her.

Prosjektet på Kaland har fått tilskot på kr. 30.000 frå Vestlandsprosjektet.

Tilsaman reknar ein med at over 400 ulike løyper berre i Hordaland vil bli merka med den nye standarden gjennom dette prosjektet.


Illustrasjonsbilde.

Samla har heile det toårige prosjektet ei økonomisk ramme på 20 millionar, der Gjensidigestiftelsen gjekk inn med 10 millionar og dei frivillige og fylkeskommunane tilsaman bidreg med 10 millionar kroner til Vestlandsprosjektet.

Innovasjon Norge er og ein viktig bidragsytarar til Vestlandsprosjektet.  

Prosjektet er eit samarbeid mellom Friluftsråda, Forum for natur og friluftsliv, Jeger og Fiskeforbundet, Den Norske Turistforeining, NCE Tourism – Fjord Norge og fylkeskommunane i dei fire Vestlandsfylka.

Vestlandsprosjektet opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper på Vestlandet. Skiltinga byggjer på fire graderingar som vi kjenner frå alpint – grøn, blå, raud og svart løype som ein indikator på vanskegrad.

Les meir om merkestandarden på innovativ fjellturisme sin nettstad. 

 

Einar Grieg 05.01.2012 14:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart