For å sikre at prioritering av spelemidlar til kommunane vert gjort på best mogleg grunnlag, er kommunale delplanar (sektorplanar) for fysisk aktivitet og anlegg viktige. Behovsvurderinga er gjort i høve til samfunnsmessige og idretts- og friluftslivspolitiske mål.
Alle kommunar i Hordaland har slike planar. Anleggsmassen i kommunen må avspegle aktivitetsprofilen for å møte aktivitetsutfordringar i tida framover.
Hordaland fylkeskommune vektlegg at det er viktig med god samfunnsplanlegging og grunnlaget for prioritering av spelemidlane er styrka gjennom dei planar som ligg føre i kommunane.
Under vil du finne nyttige verkty (sjekklister) i utforminga av kommunale planar som ikkje bare omhandlar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, men også planar som har med mellom anna folkehelse, oppvekst, areal- og transport og klima.
I tillegg til sjekklistene finn du her oversikt over sektorplanar som det er aktuelt at fylkeskommunen gjev uttale til i høve til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Oversikten finn du her.
Leige av privat grunn til turvegar/idrettsleg/friluftsformål.
Ofte må ein samarbeide med grunneigarar i høve bruk av deira grunn til friluftsliv, då turvegar og lysløyper kan krysse eller vera på deler av annan manns grunn.
Døme på leigeavtale av privat grunn mellom grunneigar og frivillig organisasjon.
Ta kontakt med seksjon for idrett og friluftsliv ved trong for meir informasjon.