
Fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra har verknader for helsa både i oppveksten og (ikkje minst) seinare i livet.
Gode aktivitetsvanar gjev helsegevinst. Ved å skaffe seg gode fysiske aktivitetsvanar i barne- og ungdomsåra legg ein grunnlaget for å vera fysisk aktiv i vaksen alder.
Hordaland fylkeskommune har i budsjettet for 2007 sett av kr 175 000,- som stimuleringsmidlar til kommunar som kan tenke seg å opne idrettsanlegga for eigenorganisert aktivitet - primært for barn og unge.
Tilskotet frå fylkeskommunen skal bidra til at barn og ungdom skal kunne drive med fysisk aktivitet på eigne premissar - dei skal i størst mogleg grad sjølv styre aktiviteten og tidspunktet for aktiviteten: fysisk aktivitet på eigne premissar vil vera hovudmålet.
Når det skal leggjast til rette for å få folk i Hordaland til å vere meir fysisk aktive, må mange ulike aktørar arbeida saman. For å nå målet om ei tilrettelegging utan krav til fysisk tilstand, sosial tilhøyrsle, utstyr og økonomisk evne, må tilbodet og tilrettelegginga samkøyrast. Samarbeidet må føre til at fysisk aktivitet blir brukt systematisk for å fremje folkehelsa i Hordaland, spesielt blant barn og ungdom.
For at kommunane skal kunne få midlar, må prosjektet forankrast både i kommune og hos anleggseigar/idrettslag/relevante samarbeidspartar. Idrettsrådet i kommunen skal også vere med. Kommunen sjølv må og ”stille opp” økonomisk – tilskotet frå Hordaland fylkeskommune skal ikkje overstige 50 % av totalt kostnad.
Type aktivitet
Kommunane, saman med idrettsråd/idrettslag tar sjølv avgjerd om kva for aktivitet det skal vere i dei opne idrettsanlegga. Utgangspunktet er at aktivitetstilbodet skal vere gratis og at det skal vere variert, slik at flest mogleg kan gjere seg nytte av tilbodet. I utvikling av aktivitetstilbodet er det naturleg at målgruppa (ungdom) vert tatt med på råd, særleg dei som ikkje er inne i den organiserte idretten.
Føresetnader for stimuleringsmidlar
-
At kommune og idrettslag arbeider saman; "spleiselag" både økonomisk og administrativt/praktisk
-
Kortfatta søknad frå kommunen med bakgrunn for søknad. Kommunen og andre økonomiske tilskot skal skildrast, samt kva for anlegg og aktivitetar som skal inngå i prosjektet
-
At prosjektet vert vidareført. Tilskotet frå HFK er oppstartsmidlar og vidareføringa er kommunen og idrettslaget ansvarleg for
-
Kommunane og idrettslaga kan sjølv ta avgjerd om kven tiltaket skal vere gjeldande for og korleis ein vil gjennomføre tiltaket. Det einaste vi set krav om er at det er primært uorganisert barn og ungdom (opp til 19 år) tiltaket er gjeldande for
-
Alle idrettslag/kommunar som får støtte, skal utarbeide ein kort evaluering for korleis pengane har vore brukt. I evalueringa skal det gå fram
kva for anlegg som har vore nytta
kva for aktivitet barna og ungdomane fått tilbod om
kor mange gonger har anlegga vore ope
kor mange barn og ungdom som har vore innom tilbodet
kva for tid/dag i veka har anlegga vore ope
total kostnad
plan for vidareføring av prosjektet
Noen kommunar i Hordaland har allereie god røynsle med å opne idrettsanlegg for eigenorgansiert fysisk aktivitet. For gode døme og inspirasjon, klikk på lenkene under:
Bergen kommune
Askøy kommune - evalueringsrapport
Kommunar som har søkt om midlar og som vil starte med opne idrettsanlegg i 2007 er Lindås, Fjell, Odda, Voss og Askøy. I tillegg vil tilbodet kome i Kvinnherad, Austevoll og Sveio.
Ta kontakt med oss om din kommune er interessert i å gje eit eigenorgansiert aktivitetstilbod til barn og unge.