|
Fysisk aktivitet gjev oppleving av glede, trivnad, meistring og utvikling av venskap! Barn og unge - og vaksne - er skapt for å vere i rørsle og ein aktiv kvardag har mange gode verknader på kroppen vår. Regelbunden fysisk aktivitet gjev mellom anna betre fysisk form, auka muskelstyrkje, betre leddfunksjon og rørsle, betre søvnkvalitet og eit sterkare immunforsvar - i tillegg til den sosiale og mentale helsevinsten.

For Hordaland fylkeskommune er det viktig at det i tilrettelegginga av fysisk aktivitet skal vere fokus på lågterskeltilbod som innbyd til fysisk aktivitet utan krav til den einskilde om fysisk tilstand, sosial tilhøyrsle, utstyr eller økonomisk evne. |
|