Tildeling av støtte til forfattarturnear

Bob Dylan (i nynorsk omsetjing) er noko av det ein kan oppleve på folkebiblioteka i haust. Fylkesbiblioteket støtter samarbeid om arrangement i 28 kommunar.

Formidling til barn og vaksne
Hordaland fylkeskommune ved fylkesbiblioteket gir støtte til ein del av reise- og opphaldsutgiftene for utøvarane, slik at biblioteka lettare kan arrangere møte med forfattarar og andre. I juni vart det tildelt kr 36.000 til folkebiblioteka, for turnear hausten 2011. 

Søknadssummen var på kr 76.900. Ein føresetnad for å få støtte, er at minst tre bibliotek samarbeider. I staden for å velje ut nokre søknader, har fylkesbiblioteket fordelt midlane mellom alle søkjarane, og det gjer at ikkje alt av reise og opphald blir dekt for turneane. 28 kommunar er representerte i tildelingane.

Tildeling av støtte til reise og opphald for turnear i bibliotek:

1.

Turné med forfattar
Målgruppe: barn
Søkjar: Kvam folkebibliotek.
Samarbeider med: Jondal, Samnanger, Fusa og Vaksdal.
Søknadssum: kr 11.000
Tildeling: kr 8000

2.

Turné med faglitteratur for barn
Målgruppe: barn
Søkjar: Bømlo folkebibliotek.
Samarbeider med: Bømlo, Sveio, Fitjar, Austevoll, Kvinnherad, Etne, Tysnes og Stord (nokre av desse blir med).
Søknadssum (to turnear): kr 11.000
Tildeling: kr 5000

3.

Turné med Torstein Bugge Høverstad (omsetjar av Harry Potter)
Målgruppe: barn i 7.klasse
Søkjar: Bergen Offentlige Bibliotek, Oasen filial
Samarbeider med: Fana filial, Loddefjord filial, Åsane filial og Landås filial.
Søknadssum: kr 7500
Tildeling: kr 5000

4.

Søknadar i samband med ”LeLitt-festivalen”
Søkjar: Osterøy bibliotek
Samarbeider med: Lindås, Meland, Austrheim, Masfjorden, Modalen og Fedje

a. Turné med Arne Hjeltnes
Målgruppe: vaksne
Søknadssum: kr 6000

b. Turné med Are Kalvø
Målgruppe: vaksne
Søknadssum: kr 5000

c. Turné med Atle Berge
Målgruppe: barn
Søknadssum: kr 14.000

Søknadssum totalt: kr 25.000
Tildeling: kr 5000

5.

Bob Dylan på nynorsk
Turné med Tom Roger Aadland og ein ekstra musikar
Målgruppe: vaksne
Søkjar: Odda bibliotek
Samarbeider med: Voss, Vaksdal, Ullensvang
Søknadssum: kr 15.000
Tildeling: kr 8000

6.

Turné med ein av forfattarane: Helene Uri, Hans Sande eller Vigdis Hjort
Målgruppe: både barn og vaksne
Søkjar: Øygarden bibliotek
Samarbeider med: Askøy, Fjell, Sund
Søknadssum: kr 7400
Tildeling: kr 5000

Helge Skurtveit 01.08.2011 13:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart