I samarbeid med Høgskolen i Bergen lyser Hordaland fylkesbibliotek no ut studiet "Biblioteket som oase - endringsledelse, innovasjons- og kunnskapsledelse" tilrettelagt for bibliotektilsette i Hordaland.
Søknadsfristen gjekk ut 1. februar 2012.
Det blir tatt opp maksimalt 20 studentar. Ved eventuell prioritering av søkjarar, vil mellom anna geografiske omsyn bli tillagt vekt. Søkjarar vil få tilbakemelding om studieplass 7. februar 2012. Oppstart av studiet vil vere 22. februar 2012.
Studiet er gratis for bibliotektilsette i Hordaland, det vil gå over eitt år, og gje 15 studiepoeng på bachelornivå. Studiet er samlingsbasert, og deltakarane vil få høve til å reflektere over problemstillingar knytt til eigen verksemd og arbeide med oppgåver knytt til eigen organisasjon.
Fylkesbiblioteket har valt å satse på eit studiet innan dette emnet med bakgrunn i at biblioteka er i ferd med å gjennomgå eit paradigmeskifte. Bibliotek- og informasjonstenester er i endring på fleire plan, og dei bibliotektilsette får auka krav til kompetanse og endra arbeidsmetodar. Biblioteka må vere rusta til å kunne gjennomføre gode endrings- og innovasjonsprosessar i tida framover, slik at vi får ein sterk og omstillingsdyktig biblioteksektor i Hordaland.
Vi oppmodar flest mogleg bibliotektilsette i fylket til å gripe sjansen til ei viktig fagleg oppdatering!
Eventuelle spørsmål kan rettast til Elin Golten, tlf 55239373/ elin.golten@hfk.no