I haust er det førtiein år sidan Sjursen begynte som bibliotekar på Laksevåg bibliotek, etter å ha tatt bibliotekareksamen i 1970. I dei åra ho var på Laksevåg starta ho mellom anna opp drifta av den sosiale bibliotektenesta ”Boken kommer” og var med på bokbussen.
I 1976 begynte ho på barneavdelinga på Loddefjord, og ho var der, med eit par års avbrekk heime, fram til 1987. De siste fire åra var ho avdelingsleiar. I Loddefjord arbeidde ho spesielt med oppbygging av bibliotektilbodet for barn i bydelen, og ho var også med på å utvikle eit fagmiljø for barnebibliotekarar ved Bergen Offentlige bibliotek. Ho var initiativtakar til dukketeatergruppa og mange framsyningar. Engasjementet for barnelitteratur tok ho med seg når ho presenterte nye bøker for lærarar i Bergen og hadde kurs for foreldre og lærarar.
 |
Hausten 1987 starta ho på fylkesbiblioteket som distriktsbibliotekar, og ho har vore her heilt fram til no med nokre avbrekk. Hovudoppgåva var i mange år rettleiing til kommunane i barne- og skulebibliotekarbeid. Ho arbeidde med bibliotek i grunnskulen på alle forvaltningsnivå; frå samarbeid med skuledirektøren til organisering av dugnad for skulebiblioteka. Då fylkesbiblioteket arrangerte utdanning for lærarar i skulebibliotekarbeid, underviste ho på lærarskulen i Bergen og på Stord. Ho fekk praksis ved å jobbe som skulebibliotekar på Krohnengen tolv timar i veka. Ho studerte også ei halvtårseining som då heite ”EDB og skolebibliotek”.
Sjursen har alltid gløda for barnelitteratur, og ho var ein av dei bibliotekarane som las dei fleste av dei nye barnebøkene. Ho har formidla barnebøker til barn, til andre bibliotekarar og ho har skrive barnebokmeldingar i BT.
|
Sjursen har også vore på den internasjonale arenaen, og gjennom heile yrkeslivet hennar går det ein pendel mellom teori og praksis. Ho har alltid sørgt for å få nytt fagleg påfyll når det har vore naudsynt. Frå 1993 til 1996 tok ho mellomfag i pedagogikk ved Norsk Lærarakademi, ved sidan av full jobb mesteparten av tida.
I 1996 blei ho forvaltningsbibliotekar på Dokumentasjonssenteret på fylkeshuset. Ho hadde visjonar om at denne funksjonen skulle bli ein aktiv ressurs som internt fagbibliotek og dokumentasjonssenter, også med aktivitetar for brukarar i kommunane. Ho arbeidde med å utvikle tenesta til å bli eit kultur- og aktivitetstilbod for dei tilsette i fylkesbygget mellom anna ved å bygge opp ei skjønnlitterær samling.
Siri Sjursen har gjennom heile yrkeslivet teke på seg å vere tillitsvalt. Ho var tillitsvalt i Norsk kommuneforbund på Bergen Offentlige Bibliotek i seks år. Ho har vore kontaktperson for kommuneforbundet og blei tillitsvalt for Bibliotekarforbundet på fylkesbiblioteket då det blei oppretta, og blei leiar for bibliotekarforbundet i Hordaland. I 1997 blei ho nestleiar i hovudstyret i Bibliotekarforbundet og i april 1999 blei ho valt som leiar av Bibliotekarforbundet, og flytta til Oslo i to år.
Etter dette kom ho attende til stillinga som leiar av Dokumentasjonssenteret, og gjekk i gang med studiet Informasjon og informasjonsledelse ved BI i Oslo.
|
I 2003 gjekk ho over til å arbeide med utvikling av biblioteka i vidaregåande skule, og dette har vore hennar hovudoppgåve dei siste åra. Gjennom arbeidet med Strategisk handlingsplan for utvikling av biblioteka i vidaregåande skolar i Hordaland har halvparten av skulane i fylket fått fagutdanna bibliotekarressurs i løpet av dei fem siste åra. Fleire har også fått fine, nye lokale i skulane, og Sjursen har vore involvert i arbeidet med innreiing og lokale.
Det gode arbeidet og engasjementet til Sjursen blir ført vidare i Plan for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande skular, 2011-2015. |
 |
Teksten er basert på fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt sin tale til Siri Sjursen, under arrangementet 15. desember.