Seks skular i Hordaland har for neste skuleår kome med i det statlege Program for skulebibliotekutvikling. Målet med programmet er å styrkje skulebiblioteka som arena for læring og lesing. I løpet av året skal ein gjennomføre konkrete tiltak for å nå oppsette mål, og dei tilsette skal få meir kunnskap om bruk av skulebibliotek som ein nyttig reiskap for elevane i undervisinga og på fritida.
Tid til å tenkje nytt
I programmet ønskjer ein å få med både barne- og ungdomstrinn og små og store skular. Ein har med nokre som har kome langt i å utvikle bibliotek, og andre som har kome kortare. Det viktigaste er at skulane viser vilje til å satse, og at kvar skule har laga ein god plan med mål og tidfesta tiltak.
Til saman kr 573 000 er blitt fordelt mellom dei seks skulane i Hordaland. Ut frå lokale planar, får skulane midlar til frikjøp av tilsette til å utvikle skulebibliotek.
Dei seks skulane i Hordaland er:
Sælen oppveksttun i Bergen, som har fått ei løyving på kr 70 000.
Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule har fått kr 100 000 til eit felles prosjekt.
Strandebarm skule i Kvam har fått kr 133 000.
Søfteland skule i Os har fått kr 150 000.
Telavåg skule i Sund har fått kr 120 000.
I tillegg har Kvam ungdomsskule fått kr 143 000 til å vere med i andre året i programmet, som ein ressursskule i programmet.
Involvere alle tilsette
Representantar frå skulane skal også delta på regionale samlingar i regi av Universitetet i Agder. Tre av desse skulane har tilsette som tidlegare delteke i det lokale prosjektet ”Den informasjonskompente lærer”, eit samarbeid mellom Høgskolen i Bergen og fylkesbiblioteket. I prosjektet har det vore eit fokus på lærarstudentar i praksis og deira bruk av skulebibliotek, og ein har fått skulane til å bli meir bevisste på å ”tenkje skulebibliotek”. Vil skape ringverknadar Ein ønskjer at skulane som er med i prosjektet, oppnår varige endringar i bruk av skulebibliotek. Ved å støtte nokre skular, ønskjer ein å skape lokale ringverknadar og inspirere andre skular. Programmet er fireårig, og det varer frå 2009 til 2013. Dei to første åra har nokre andre skular i Hordaland vore med i prosjektet. Om lag halvparten av skulane som søkte no, fekk midlar frå programmet. Universitetet i Agder delte ut om lag 6.5 millionar statlege kroner for 2011-12.
Lenkjer
Program for skulebibliotekutvikling ved Universitetet i Agder sine nettsider
Hefte om utviklinga av skulebiblioteka ved nokre av ressursskulane (dei som har delteke to år i programmet). Heftet kan ein også få tilsendt.