E-mediene treng også formidling

Behovet for formidling av det breie utvalet vil framleis vere ei sentral oppgåve for biblioteka. Det var eitt av momenta som gjekk att under diskusjonane på seminaret "Lånaren i e-biblioteket" på kulturkonferansen på Os 22. november.

"Er biblioteka budd på utlån av e-bøker?" var spørsmålet vi stilte. Eit svar er at mange har vore budd i lang tid og spør seg om dei skal kome i gong eller sitje på gjerdet så lenge forvaltning og teknologi ikkje er avklart og prøvd ut. Eit anna svar er at vi i alle høve må setje fokus på kva rolle biblioteka skal ta i åra som kjem.

Diskusjonane på seminaret dreia seg om at viktige oppgåver også framover vil vere formidling av det breie utvalet og leseglede, gode anbefalingar, hjelp til å finne fram og ta i bruk nye plattformer, å samarbeide og tenke nytt om samlingsutvikling, bokpraten og dei gode møta i både det fysiske og det digitale biblioteket.

Ørjan Persen, innkjøpsansvarleg ved Bergen Offentlige Bibliotek, vakte stor begeistring med sine konkrete tips til å heve litteraturformidlinga vår på nett. Dette er ein del av tema han har tatt føre seg i si mastergradsoppgåve i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved Høgskolen i Oslo. Bergen Offentlige Bibliotek låner også ut lesebrett til lånarane i biblioteket som eit prøveprosjekt, og Persen orienterte om deira erfaringar med dette.

Her finn du presentasjonar frå seminaret:

Lena J. Glesnes 24.11.2011 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart