Heilskapleg plan for bibliotektenestene i Fusa

Fusa kommune har nyleg vedteke plan for bibliotektenestene for 2011-2015. Planen tek for seg både tenestene som vert ytt gjennom folkebiblioteket, og av skulane ved skulebiblioteka.

I forordet til Plan for bibliotektenestene i Fusa kommune for 2011-2015 kan vi lese at noko av grunnen til at det har vore naudsynt å laga ein slik plan, er at Fusa kommune treng å avklare kva som skal skje med bokbussdrifta. Endringar i bokbussdrift får fort konsekvensar for tilbodet til skular og barnehagar. I Fusa har skulane nytta bokbussen som skulebibliotek. Tek ein bort bokbussen, må ein byggja opp gode skulebibliotek.

Bibliotekplanen er ein freistnad på å stake ut kursen for fagområdet bibliotek, og seie noko om korleis ein ønskjer å utvikle bibliotektenestene inn i framtida.

 

 

Elin Golten 25.01.2012 15:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart