"Biblioteklandskap i endring", utlån av e-bøker, transportordning, nytt biblioteksystem i dei vidaregåande skulane, utdanning i endringsleiing og innovasjon. Dette er nokre av prosjekta og tiltaka vi skal arbeide med i 2012. Vi gler oss til å arbeide vidare med alle samarbeidspartnarane våre og ønskjer alle eit godt nytt år!
I 2012 skal vi følgje opp mange tiltak som blei sett i gang i fjor: partnarskapsavtalen med Lindås, transportordninga, innføring av nytt bibliotektsystem i dei vidaregåande skulane og ikkje minst det store prosjektet vårt ”Biblioteklandskap i endring”. Vi ønskjer å vere i førarsetet når biblioteka i Hordaland skal ta til med utlån av e-bøker og vi skal setje i gong prosjektet Poesislam i Ungdommens kulturmønstring (UKM).
Bibliotektilsette i Hordaland vil også merke at vi er i gang med gjennomføring av kompetansestrategien vår. I vår kjem tilbod om ei høgskuleutdanning i endringsleiing og innovasjon, og vi har vi fått prosjektmidlar frå Nasjonalbibioteket til å gjennomfør regionale kurs i prosjektarbeid, digital kompetanse og lesekompetanse.
Elles vil det sjølvsagt bli bibliotekdagar i juni, i tillegg til andre kursaktivitetar. Vi startar med "Årets bøker for vaksne" i februar. Følg med på kalenderen vår!
Vi gler oss til å arbeide vidare med alle samarbeidspartnarane våre og ønskjer alle eit godt nytt år!