Distribuert mediekjøp 2012 på vent

Fylkesbiblioteket avventar utlysing av Distribuert mediekjøp 2012 grunna vurdering av felles e-mediasamling for fylket, og signal om restriksjonar i innkjøp og fjernlån ved Bergen Offentlige Bibliotek.

Fylkesbiblioteket har sidan 2007 hatt ordninga Distribuert mediekjøp, som skal ivareta folkebiblioteka sitt behov for meir spesialisert litteratur. Ordninga har fungert slik at folkebiblioteka etter søknad har fått tildelt ein sum, som dei fritt har fått disponere i samsvar med Retningslinjene for distribuert mediekjøp i Hordaland.

Fylkesbiblioteket har bestemt at vi avventer ei eventuell utlysning av Distribuert mediekjøp for 2012. Vi er i startgropa med eit prosjekt om e-bøker og andre e-media i biblioteka i Hordaland, og i prosjektet inngår ei vurdering av felles e-mediesamling for fylket.

Bergen Offentlege Bibliotek har gitt signal om at dei ikkje lenger vil kjøpe inn lokalhistorisk litteratur for områda utanfor Bergen. Dette, saman med restriksjonar i fjernlån som dei har innført, vil også vere med i vurderinga av korleis vi vil nytte midlane våre.

Elin Golten 26.01.2012 15:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart