Fylkesbiblioteket og dei vidaregåande skulane i Hordaland brukar Mikromarc 2 i dag. Dette systemet vert ikkje lenger oppdatert. Det vart difor nødvendig å starta prosessen med å få seg eit nytt biblioteksystem. Etter å ha hatt samtalar med innkjøpsavdelinga i fylkeskommunen vart det klart at ein måtte ha dette ut på anbod. Ein sette i gang med å laga kravspesifikasjon og etter sommarferien vart det lyst ut i EØS-området. Det kom inn to tilbod og etter å ha gått grundig igjennom desse vart Bibliotek-Systemer as vår nye leverandør av biblioteksystem. Bibliotek-Systemer as skal drifta systemet for oss. Som ein del av anbodet på nytt biblioteksystem, så hadde me ute eit anbod på felles biblioteksøk for alle biblioteka i Hordaland. Det vert Bibliotek-Systemer as som skal levera dette også. Det vil vera mogeleg å ha regionale biblioteksøk. Fylkesbiblioteket reknar med at alt er på plass i løpet av 1. kvartal 2012.