Gledeleg framgang for prosjekt skolebibliotek
I 2009 blei det ikkje tilsett ny skolebibliotekar i vidaregåande skole. Med den nye løyvinga for 2010 på kr 1 million får fire skolar tildelt stillingsressurs. Dei heldige skolane er Bjørgvin, Knarvik, Kvinnherad og Nordahl Grieg vgs. Med desse vil 19 skolar ha fagutdanna bibliotekar, 12 i 100%, seks i 50% og ein i 30% ressurs.
Etne vgs skal om eit par år flytte inn i det nye kulturhuset Skakke, vegg i vegg med nytt folkebibliotek. Her ligg forholda godt til rette for ei kombinasjonsløysing. Prosjektet bidreg med 20% prosjektstilling i år for å greie ut eit mogleg kombinasjonsbibliotek. Dette vil bli det første i Hordaland.
Nordahl Grieg vgs er ein heilt ny skole som startar opp til hausten. I 2012 skal Lønborg og Tanks vgs flytte saman til nye Amalie Skram vgs på Nygårdstangen. Fylkestinget har vedteke å byggje to nye skolar på Voss, der dei fem eksisterande skolane skal flytte saman. Dersom alt går etter planen, skal nye skolar stå ferdige i 2014. Talet på skolar i Hordaland vil då gå ned frå 46 i dag til 43.